Herold

Å romme det motsetnadsfylte

Kilde: LP Author: Ingunn Torsrud, sokneprest i Flesberg Published: 2026-01-11 10:22:47
Å romme det motsetnadsfylte

Noko av det som skapar mest inntrykk og ettertanke hjå meg i kristendomen er Jesu ord at me skal elske våre fiendar. Eg kan ikkje påstå at eg fullt ut forstår kva desse orda betyr – for dei vekkjer jo sterk undring og ei kjensle av umoglegheit. Korleis kan me elske dei som gjer oss vondt? Det bryt toltalt med instinktet vårt og det som er naturleg for oss. Likevel trur eg det i Jesu bodskap er ein nøkkel. Den peikar på ein moglegheit med sprengkraft i. På trass av store skiljer mellom oss menneske og konflikter, så er det mogleg å finne attende til kvarandre. Og å leve i fredeleg sameksistens.

Ja – det høyres naivt ut. Ei drøymeverd som det ikkje er mogleg å oppnå, i alle fall ikkje fullt ut. For korleis kan me elske våre fiendar? I beste fall kan me gje vår tilslutning til ein bodskap eg har høyrt: «du behøver ikkje elske alle menneske, eller vere samde med dei, men du kan behandle alle med respekt» Kanskje dette er lettare å svelge og er noko me kan strekke oss til å vere med på? Sjølv om dette óg er vanskeleg nok.

Men apropos språket – gjev det meining å bruke ordet fiende? Ja, i krig. Men me er i dag vitne til, blant anna frå den amerikanske presidenten, at ordet óg kan bli brukt mot dei som ikkje er samde med han. Det er eit skremmande stempel. Og språk skapar som kjend røyndomen. Eg er glad for at vår eigen statsminister presiserar at i Noreg har me ingen fiendar, men meiningsmotstandarar. Det indikerar ein heilt anna respekt for dei me er usamde med.

Kongen oppfordrar oss i si nyttårstale til å romme at det er eit meiningsmangfald i samfunnet. Til å tole at det er andre synspunkter enn våre eigne. Han seier: «Skal vi bevare et levende samfunn med et mylder av ulike mennesker og meninger, må vi også ønske de utradisjonelle synspunktene og annerledes spørsmålene velkommen. Det gjør vi ved å lytte til hverandre, ta hverandre i beste mening – og diskutere med respekt…Som sagt – alt dette kan koste. Men det er verdt det. For historien viser oss gang på gang at det kan være skremmende kort vei fra å ha – til å miste» Ytringsfridomen er under press. Eg tenkjer at ovannemnde sitat er kloke ord frå kongen, og det han formidlar er noko me kan øve oss i. Å lytte, ta kvarandre i beste meining og diskutere med respekt – det er djupast sett fredsarbeid. Kor freistande og lett er det ikkje å ta kvarandre i verste meining?

Berre for å presisere – eg meiner ikkje at å elske sine fiendar skal vere eit knefall for uretten. At ein ser gjennom fingrane med det som har skjedd. Å elske kan vere å setje ei grense og å stille til ansvar.

Å elske handlar óg om ei utstrakt hand. Slik Gud møter oss menneske med dét. Ja, det at Gud vart menneske, i Jesu skikkelse, har nettopp blitt tolka som at Gud kjem oss i møte, strekkjer ut handa til oss og kjem oss nær. I Johannesevangeliet kan me lese at det var mange som ikkje tok imot dette.

«Hans eigne tok ikkje imot han» Det er vel ei kjend sak at me menneske, inklusive presten, ikkje alltid er så mottakelege og open for det guddomelege. Me syns me veit best sjøl. Likevel trekker ikkje Gud til seg si utstrekte hand overfor oss. Han ser ikkje på oss som ein fiende. Han ser mennesket bak og hjarta vårt.

Me er også kalt til å sjå mennesket bak. Seie unnskyld og kome med innrømmelsar når det er på sin plass. Vise forståing. Det er ei utstrekt hand i praksis. Må Gud hjelpe oss å elske, også når det er vanskeleg.

I vår verd er det lett å konstatere ufred i det ytre. Men korleis er det i vårt indre? Kanskje kan me her óg kjenne konflikt? Me dragas av gode og vonde kjensler. Kan me romme dette samansette, også inni oss? Kanskje treng dei vonde kjenslene i oss også å møte ei utstrekt hand? Kathrine Aspaas, som er opptatt av emosjonell styrketrening, seier: «Evnen til å romme ømhet for oss selv og andre, er den sterkeste indikatoren vi har på god mental helse» Også dette er fredsbyggande.

Godt nytt år!

🏷️ Extracted Entities (5)

Gud (entity) Jesu (entity) Johannesevangeliet (entity) Kathrine Aspaas (person) Noreg (entity)