Herold

Tre personar fekk helsehjelp etter brann i Rosendal

Kilde: Kvinnheringen Author: Cassandra Grundtvig Jespersen Published: 2026-01-11 07:54:18
Tre personar fekk helsehjelp etter brann i Rosendal

Søndag morgon braut det ut brann i eit sikringsskap i eit hus i Neslia. Nokre av bebuarane pusta inn røyk og blei køyrd til legevakta for sjekk.

Det var klokka 06.35 søndag 11. januar at naudetatane blei varsla om brannen. Vest politidistrikt skriv i Politiloggen at brannen då var sløkt, men at det var ein del røyk i huset.

Fem personar var heime då det starta å brenna, og alle var komne seg ut, men ifølge den første meldinga hadde to av desse pusta inn røyk.

Politi og brannvesen rykte ut, og klokka 07.46 kunne politiet bekrefta at brannen var sløkt av ein bebuar med pulverapparat, og at ein hadde kontroll på situasjonen.

«Røyk i huset må luftast ut. Ein person i huset har pusta inn ein del røyk og får tilsyn av helsepersonell på staden», står det i Politiloggen.

Klokka 08.16 melde politiet at dei er ferdige på staden og at det blir oppretta sak.

«Brannen starta i sikringsskap. Huset er ubueleg, dei som budde der ordnar seg sjølv vidare. Tre personar blei køyrd legevakta for vidare undersøkingarhadde pusta inn røyk», står det i den siste oppdateringa.

🏷️ Extracted Entities (3)

Rosendal (place) Politiloggen (entity) Neslia (entity)