Herold

Kinn kommune tapte i retten – oppseiing gjaldt berre halve stillinga

Kilde: Firdaposten Author: Svend Arne Vee Published: 2026-01-11 04:09:00
Kinn kommune tapte i retten – oppseiing gjaldt berre halve stillinga

Ein tidlegare sjukepleiar har delvis vunne fram i retten mot Kinn kommune, etter at ho blei oppsagd. Retten slår fast i ein kjennelse at oppseiinga berre gjaldt hennar 50 prosent stilling som spesialkonsulent, ikkje heile arbeidsforholdet.

Sogn og Fjordane tingrett har i ein kjennelse 30. desember slått fast at oppseiinga av ein sjukepleiar frå Kinn kommune berre gjaldt hennar 50 prosent stilling som spesialkonsulent, og ikkje heile arbeidsforholdet hennar.

Kvinna vart fast tilsett som sjukepleiar i 100 prosent stilling i Flora kommune tilbake i 2017. I starten av 2019 blei ho sjukmeld på grunn av helseplager, og ho måtte over på arbeidsavklaringspengar i 2020.

Kvinna heldt fram å arbeide i redusert stilling fram til våren 2021. Fra våren 2021 til hausten same år var ho heilt ute av arbeid.

Kom ikkje tilbake i full jobb

Hausten 2021 deltok kvinna i arbeidsrettea rehabilitering, og fekk praksisplass. Men tiltaket måtte avsluttast grunna samansette helseutfordringar, og det blei avklart at ho ikke kunne gå tilbake til arbeidet som sjukepleiar.

Våren 2023 starta eit løp med arbeidsførebuande trening og rehabilitering, der målet var å kome tilbake i full jobb. Det lukkast ikkje.

Hausten 2023 starta kvinna i ei 50 prosent administrativ stilling i kommunen, ei stilling som kvinna meistra godt. Undervegs i denne prosessen blei det også søkt om uførepensjon. Uførepensjon etter ein uføregrad på 55 prosent blei innvilga fra 1. oktober 2024.

Men den kommunale stillinga kvinna hadde, blei avvikla på tampen av 2024. Dermed stod ho igjen utan arbeid.

Då kom Fagforbundet på bana, og gjennom forhandlingar blei kvinna tilbydd ei 50 prosent stilling i ei anna avdeling i kommunen. Etter seks veker i stillinga, fann kvinna ut at ho ikkje hadde rett kompetanse for jobben, og ho varsla kommunen som arbeidsgjevar om dette.

Varsla oppseiing – stemna kommunen

Etter at drøftingsmøte var gjennomført våren 2025, sende kommunen ut varsel om oppseiing av kvinna, tidleg i juni. dei viste til at dei hadde forsøkt å leggje tilhøva til rette for at kvinna si restarbeidsevne skulle kunne nyttast, men at det ikkje førte fram.

Det blei gjennomført fleire forhandlingsmøte gjennom sommaren og hausten, utan at partane blei samde.

Dermed valde kvinna å gå rettens veg.

Ho meinte at oppseiinga berre gjaldt 50-prosentstillinga som konsulent, og ikkje hennar opphavlege 100 prosent stilling som sjukepleiar. Det blei også fremja erstatningskrav mot kommunen.

Fekk medhald

Retten har no gjeve kvinna medhald. Dommaren slo fast at oppseiingsbrevet uttrykkjeleg viste til «stillinga som spesialkonsulent» og nemnte stillingsprosent på 50 prosent:

– Retten kan ikkje utvide oppseiinga til å gjelde heile arbeidstilhøvet basert på etterfølgjande opplysningar om arbeidsgjevars intensjon, då dette vil stri mot formkravets formål om føreseielegheit for arbeidstakar, slår tingretten fast i dommen.

Kommunen på si side meinte oppseiinga gjaldt heile arbeidsforholdet, men retten konkluderte med at den nye arbeidsavtalen frå mars 2025 ikkje dokumenterte at partane hadde avtalt å bringe den opphavlege avtalen til opphøyr.

Retten valde å dele opp saka og først avklare spørsmålet rundt stillingane og oppseiinga. Eit eventuelt erstatningskrav, samt spørsmålet om sakskostnader er ikkje behandla i kjennelsen.

Utelukkar ikkje å trekkje oppseiinga

For Kinn kommune sin del er det to farbare vegar vidare i saka, forklarar kommuneadvokat Sissel Leni Sundal Nærø:

– Vi kan anten velje å seie opp vedkomande frå den opprinnelege stillinga som sjukepleiar. Eller vi kan trekkje heile oppseiinga, og gå nye rundar på å forsøke vidare tilrettelegging. Utan at noko er endeleg avklara, ser eg ikkje bort frå at å trekkje oppseiinga tilbake kanskje er det mest aktuelle, seier Nærø. Og ho held fram:

– Dette er ei trasig sak for alle partar. Den tilsette har verkeleg forsøkt å halde seg i arbeid og forsøkt mange vegar for å lukkast med det. Kommunen på si side, har prøvd å vere på tilbodssida og snudd mange steinar i prosessen. Så får vi sjå om vi gjer eit nytt forsøk, seier advokaten.

🏷️ Extracted Entities (5)

Kinn (entity) Sissel Leni Sundal Nærø (person) Fagforbundet (entity) Fjordane (entity) Flora (entity)