Herold

– Heilt klin kokos!

Kilde: Firda Author: Einar Lundsør Published: 2026-01-10 18:30:42
– Heilt klin kokos!

Maren Hjelmeset Kirkeeide feira det nylege OL-uttaket med ein maktdemonstrasjon på stafetten i verdscupen.

22-åringen frå Stryn viste verkeleg OL-form:

Kirkeeide sikra norsk 2.-plass på stafetten med ei siste skyting det lukta svidd av. Ho stod i skarp duell med heimefavoritten, tyske Franziska Preuss, på standplass om 2.-plassen.

Mens skiskyttarpublikumet kokte rundt ho, skaut Kirkeeide fem rett ned i rekordfart.

– Maren er helt klin kokos. Det er vanskeleg å høyre gjennom TV-en kva for trykk det er her, eg trur eg aldri har sett liknande, sa lagvenninne Ingrid Landmark Tandrevold til TV 2.

Det franske laget vann suverent, men Kirkeeides siste etappe sørga uansett for norsk jubel.

To nordfjordingar klare for OL

Maren sikra sin første verdscupsiger

🏷️ Extracted Entities (6)

Maren Hjelmeset Kirkeeide (person) OL (entity) Franziska Preuss (person) Ingrid Landmark Tandrevold (person) Stryn (entity) TV (entity)