Skulle svi terreng: – Ute av kontroll. På storleik med fotballbane
Eit arbeid med å svi av beite skal ha kome ut av kontroll på Evjehøgda ved Måløy i Kinn kommune.
I 14.20-tida kom ei melding frå politiet at det ville vere ein del synleg røyk og flammar frå området grunna aktiviteten.
Like etterpå kjem meldinga om at det har kome ut av kontroll. Det skal ha vore kontrollert brenning av utmark. Til det ikkje var like kontrollert.
I 14.30-tida var det snakk om eit område på storleik med ein fotballbane, opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit.
– Det går føre seg i terrenget. Det er ikkje fare for bygningar, høgspentmaster eller liknande, og det er ikkje opplyst om nokon personskadar. Politiet er på staden saman med brannmannskap, fortel han.
Det er framkommeleg terreng, men vanskeleg å slå ned brannen.
Brannvesenet skal førehandsvarsel helikopter for eventuell utkalling frå søndags morgon, opplyser Kolltveit.
Brannen er på om lag 200 meters høgde.
Kl. 16.40 melder Kolltveit at politiet har gjennomført avhøyr av ein mann i 70-åra som skulle svi bort gras og kratt. Det opprettar sak på hendinga.
Kart: Evjehøgda