Herold

Vi krev human asylpolitikk

Kilde: Nordnorsk debatt Author: Grethe Hoel, Kristina Junttila, Eirik Mathiesen, Hanne Beate Stenvaag, Stein Valkoinen og Jorid Hjulstad Junttila, medlemmer av Yemane-nettverket i TromsĂž, TromsĂž Published: 2026-01-10 15:02:42
Vi krev human asylpolitikk

Laurdag 10. januar markerer vi «Yemanedagen» i Domkirkeparken i TromsÞ. Dagen blir markert fleire andre stader i landet ogsÄ, i tida rundt 8.januar, som er den eigentlege Yemanedagen.

Dagen har fÄttnamn etter eritrearen Yemane Teferi som dÞde pÄ BÞmlo 8.januar 2016, altsÄ for ti Är sidan dette Äret. Yemane dÞde etter 25 Är i ulike asylmottak. Som ung var han med i ein frigjeringsorganisasjon og flykta fordi han frykta for livet. Da han etter mange Är som asylsÞkar fekk endeleg avslag pÄ sÞknaden i 2006, vÄga han ikkje Ä reise tilbake til Eritrea. Dermed mista han retten til Ä skaffe seg arbeid, bustad, helsehjelp pÄ linje med det andre har rett pÄ i Norge. Dei siste ti Ära av livet sitt mista han alt hÄp: šJeg vet ikke om de tror jeg er et menneske, et dyr eller en stein...jeg er ferdig og fortaptš.

Dessverre er ikkjeYemane den einaste som har opplevd eller opplever Ä leve i limbo, som papirlaus, pÄ asylmottak eller i skjul. I TromsÞ har vi ikkje asylmottak no, men ogsÄ i denne byen bur det folk her utan muligheit til bustad eller arbeid eller utdanning eller alminneleg helsehjelp fordi dei lever som papirlause. Trass i den hÄplause situasjonen er det ikkje eit alternativ Ä vende tilbake til det dei flykta frÄ, fordi dei fryktar for liv og helse.

I dei seinare Ă„rahar fleire blitt tvangsreturnert frĂ„ Norge etter fleire Ă„r i landet, blant andre flyktningar frĂ„ Etiopia, imot rĂ„d frĂ„ FNs hĂžgkommisĂŠr for flyktningar. Nagga Heilemichael er blant dei. Han var grisebonde pĂ„ RĂžros da han 28.januar 2025 blei tvangsreturnert til Etiopia etter 23 Ă„r i Norge. Som barnesoldat flykta han frĂ„ borgarkrigen på 1980-tallet. Han blei registrert som flyktning i Sudan, blei utsett for vald, flykta vidare, og klarte å rĂžmme til Europa, men fekk avslag på sĂžknaden sin. I kommunestyret i RĂžros engasjerte gruppeleiarane – med den gong Ap-ordfĂžrer Isak Buch (no stortings- representant ) i spissen - seg for å hindre tvangsutsending av Nagga. No er Nagga i nabolandet Kenya på hemmeleg stad. Saka hans skal prĂžvast i norske domstolar. Naboar passar på garden til Nagga, og håpar at han kjem tilbake som grisebonde på RĂžros.

Ole Johan Martinsen i NOAS, som fÞlgjer tett pÄ det som skjer i norsk asyl- og flyktningpolitikk, seier at fokus i asylpolitikken er endra, frÄ fokus pÄ vern for dei som har reelt behov for vern, til meir fokus pÄ Ä kalle tilbake opphaldstillating og sende folk tilbake. Han seier at politikken gÄr i retning av brot mot menneskerettane i fÞlgje Den europeiske menneskerettskonvensjonen, og pÄ fleire felt har Norge ein praksis som ikkje samsvarar med det vi er forplikta til etter flyktningkonvensjonen.

I Yemanenettverket lÞftar vi fram forholda for lengeverande asylsÞkarar med endeleg avslag. Dei lever eit inneklemt liv med lite framtidshÄp. Relativt sett er dei ikkje mange. Norge har rÄd til, og bÞr vere forplikta til Ä innfri desse krava til politkarane:

  1. Lengeverande asylsÞkarar med endeleg avslag mÄ fÄ VARIG OPPHALD pÄ humanitÊrt grunnlag seinast 10 Är etter registrering

  2. Grunnleggande MENNESKERETTAR for lengeverande asylsĂžkarar med avslag:

- Rett til helsehjelp pÄ line med resten av befolkninga.

- Rett til arbeid, utdanning, bustad

  1. Dagens reglar for tilbakekalling av opphaldstillating mÄ endrast. Det mÄ innfÞrast ein FORELDINGSFRIST pÄ 10 Är.

  2. Barnets beste mÄ komme fÞrst. BARNETS BESTE mÄ ikkje overkjÞrast av det som blir kalla innvandringsregulerande omsyn.

  3. Norge mÄ rette seg etter FNs anbefalingar og tolkingar av FLYKTNINGKONVENSJONEN.

FrĂ„ ulike haldhar det kome forslag til forbetringar. LO-kongressen 2025, som er Ăžvste organ i LO og bestemmer LO’s politikk for dei neste 4 åra, vedtok i mai å jobbe for helsehjelp til papirlause i primĂŠr – og spesialist- helsetjenesten. PĂ„ fylkesplan har Vestland fylke gĂ„tt i spissen for Ă„ styrke menneskerettane til papirlause. Fylkestinget har bevilga middel til transportstĂžtte, nĂždvendig tannhelsehjelp og helsehjelp.

I Yemanenettverket i TromsÞ spÞr vi kva som blir gjort og kva som kan gjerast pÄ lokalt og regionalt hald her, samtidig som vi held fast ved dei nasjonale krava for Ä betre forholda for sÄrbare papirlause i samfunnet vÄrt.

đŸ·ïž Extracted Entities (23)

Nagga Heilemichael (person) Norge (entity) Rþros (entity) Tromsþ (place) Etiopia (entity) FN (entity) Ap-ordfþrer Isak Buch (organization) Bþmlo (entity) Domkirkeparken (entity) Eritrea (entity) Europa (entity) FLYKTNINGKONVENSJONEN (entity) FORELDINGSFRIST (entity) Grunnleggande MENNESKERETTAR (organization) Kenya (entity) LO (entity) LO’s (entity) NOAS (entity) Sudan (entity) VARIG OPPHALD (organization) Vestland (place) Yemane Teferi (person) Yemanedagen (entity)