Herold

Berre ei furu?

Kilde: Firdaposten Author: Aage Kvendseth Published: 2026-01-10 13:37:39
Berre ei furu?

Eg stĂ„r nĂŠr deg– du stĂ„r nĂŠr meg. Det er som vi har kjent kvarandre lenge. Eg ser furua slik ho har forma seg, ho ser meg slik eg har mi form. Vi er saman i naturen, vi to, ho mykje stĂžrre enn meg, sikkert meir hardfĂžr og, men og med mjuke mĂžrkegrĂžne barnĂ„ler og i yngre dagar tett pynta med dine frĂžkonglar. Brunbarka og hĂžgreist stĂ„r denne sambu, levande organismen der og er like mykje ein del av naturen som meg, med same rett til Ă„ leve. Eit slikt furutre gjer deg alltid glad.

DĂ„ eg tenkte dette, kjende eg nĂŠrveret hennar, for den fleire hundre Ă„r gamle, kroktete og skjeggete tolla retta seg litt opp og smilte – ja, nikka – til vesle skjeggete meg med litt hjelp av vinden. Leve oss, tenkte eg. Sa eg og.

Du er ikkje berre ei furu du, la eg til. Vi to og alt i naturen er del av noko mykje stĂžrre og viktigare – livet, det store samspelet, som bind oss saman djupt inne i det Ăžkologiske krinslĂžpet der du stĂ„r, vakre furu. Det kjennest som ei glede Ă„ vere til her, om ikkje nokon med makt, som ikkje kjenner deg, din rikdom, din eigenverdi, livet ditt, vil hogge deg ned for Ă„ «redde klimaet i verda» eller kva dei no argumenterer sĂ„ bastant med. Det er du som er med Ă„ betre klimaet, mumla eg, og la handa pĂ„ stammen.

Vi alle, kjĂŠre furu, har sett at dei multinasjonale selskapa fĂ„r ete opp regnskogar og annan verdifull natur for Ă„ produsere kjĂžt eller for Ă„ rettferdiggjere meir produksjon av produkt som dei rike sine forbrukssamfunn treng for Ă„ halde fram pĂ„ same galeien. Snart kan det difor bli din tur til Ă„ miste livet – og heile skogen du er med Ă„ gjere sĂ„ vakker og viktig for trivselen for oss menneske.

Dei tek framtida ut av hendene vĂ„re, for store naturinngrep er smittsamt. Det er menneske som trur vi mĂ„ halde fram pĂ„ dette viset, her du stĂ„r og, for Ă„ gjere verda betre for seg sjĂžlve – berre dei fĂ„r deg vekk med motorsager, bulldosarar, gravemaskiner og dynamittsalver. Nokon vil utradere deg frĂ„ stĂ„staden din pĂ„ jorda, der du har eigd rota di og klamra deg fast i fleire hundre Ă„r, i jord som tilhĂžyrer deg og dine – og alt som lever akkurat her – for oss alle. Skog kan fellast og mĂ„ fellast andre stader, det er vi nok samde om.

I beste meining gjer dei dette mot den mest verdifulle skogen. I beste meining, som sĂ„ mange fĂžr dei har sagt og gjort. Det har fĂžrt oss ut i alvorlege Ăžkokatastrofiske tilstandar her pĂ„ den vesle blĂ„ – no farleg oppvarma og hardt ramma – planeten. Trass i lek og lĂŠrd sine mange Ă„tvaringar snur dei ikkje, men rĂžystar for at du og dine, og vĂ„re mest verdifulle omgjevnader, ikkje skal fĂ„ leve lenger.

MĂ„ vi saman minnedei pĂ„, gamle, kloke furu, kva du og alle naboane dine nok veit vart vedteke av FN allereie i 1982 i Charter for Nature: «Alle former for liv er unike, har krav pĂ„ respekt same kva det har av verdi for menneska, og for Ă„ garantere andre organismar same livets rett, mĂ„ mennesket leiast av etikk og moral.» Har dei glĂžymt det ĂČg? Din viktige eigenverdi? Dei tenkjer heilt annleis enn oss to, og det mĂ„ vi prĂžve Ă„ forstĂ„.

NĂ„r har du, prektige furu, ikkje respektert desse maktmenneska sin eigenverdi? Uskuldig er du – og dei unike venene dine som mange med meg ser opp til. Men det gjer ikkje dei som har Ăžksa si klar mot leggen din og vil omsetje verda di, livet ditt, til sĂ„kalla «grĂžnt industriprodukt».

Anten held eit menneske i Ăžksa, eller sĂ„ tek dei avstand frĂ„ Ă„ bruke Ăžksa mot deg. DĂ„ kan dei ikkje, slik mange ser det, seie at dei eigentleg er opptekne av, eller engasjerte i, naturvern. Menneske kan ĂČg vere opptekne av prestisje, gode furu. Slikt finst ikkje i skogen sine tankar. De er lavmĂŠlte individ utan rĂžysterett – og kategoriserte som av sjeldan stor verdi av menneske meir lĂŠrde enn oss, livskraftige furu.

NĂ„r menneske framleis meiner dei kan opptre som «herre» over verdifull natur, har dei mykje enno Ă„ avlĂŠre – mykje ny og alt lett tilgjengeleg kunnskap Ă„ erverve. For Ă„ endre seg er alltid mogleg. Å endre syn etter Ă„ ha opna seg for vitskapleg og sakkunnig kunnskap er noko vi menneske bĂžr gjere om vi vil utvikle oss. Du, furu, kan ikkje flytte pĂ„ deg.

No kjenner du ĂČgat du opplever mildare vintrar, mindre snĂž, meir regn og oftare tĂžrke enn fĂžr – og kraftigare vindkast. PĂ„ grunn av det nye menneskeskapte klimaet. Har dei med Ăžksa klar mĂžtt deg, blitt kjende med deg og dine, fĂžr dei vil deg til livs for Ă„ sikre meir pengar i kassa?

Du ser rundt deg ein teknisk-industriell menneskekultur, som det no kan vere nok av her i omrÄdet. I verda grip denne inn i alle jorda sine miljÞ og pÄverkar framtidige generasjonar sine livsvilkÄr. Berre dei som verkeleg er glade i perler i naturen, slik den sjÞlv er, kan mobilisere handling til Ä ta den i forsvar og ta vare pÄ den, meinte Þkofilosofen Arne NÊss. Diktaren Henrik Wergeland skreiv: «BerÞv ikke landskapet for dets smilende bekker», og meinte det same.

Rachel Carson, som skreiv den berÞmte boka The Silent Spring i 1962, starta den Þkologiske rÞrsla som Arne NÊss gjekk sÄ djupt inn i med si handlekraftige Þkosofi. Carson meinte at ei viktig Ärsak til krisa var at vi tenkjer og handlar som om vi er Ätskilde frÄ naturen, nÄr vi i rÞynda ikkje er det. Skadar vi naturen, skadar vi oss sjÞlve. SÄ kvifor gjere denne sjeldne skogen du er del av om til grÄstein og sÄ vidare?

Ja, vi kjenner pĂ„ Ăžkosorg, mange av oss, prektige furu. Kan nokon med makt ha sovna i kunnskapstimen? Ei granmeis sprett fram, nikkar, finn eit frĂž – truga som art, ho ĂČg.

Økologien, som levande vitskap, peikar pĂ„ fĂžlgjene av forureining, avskoging, Ăžydelegging av villmark og myrer, klimautslepp og reduksjon i biologisk mangfald. Arne NĂŠss meinte Ăžkologien mĂ„tte vere verdibasert, ikkje objektiv, og difor hĂžyre heime i Ăžkosofien – der det er krav om Ă„ ta aktiv stilling og gjere noko, ikkje berre konstatere at stoda er kritisk.

Slike handlingar, eigenaktivitet, sa NĂŠss, fĂžrer til «djup glede» etterpĂ„ – og ei meir rettferdig og berekraftig verd, ja, meir internasjonal solidaritet i tillegg. MĂ„ dei forstĂ„ det, du sjeldne, unike kystregnskogsfuru. MĂ„ du fĂ„ leve.

Framtida avheng av kva du og eg, folkevalde og alle andre gjer med natur- og klimakrisa. For vi veit i dag at situasjonen for kloden er alvorleg – svĂŠrt alvorleg. Det vert det ĂČg for deg, stolte furu, der du lever pĂ„ dette neset mellom dei vakre og viktige urĂžrte holmane. Tenk at familien din, Pinus sylvestris, var blant dei fĂžrste innvandrarane til Noreg etter istida.

I Todalen pĂ„ NordmĂžre, der eg stammar frĂ„, vert furua opp til fĂžrti meter hĂžg. Dei kan fĂ„ ein diameter pĂ„ over ein og ein halv meter og bli minst seks hundre Ă„r gamle. Eg har elles, nemnde eg til furua, ein brevkniv laga av ein av dine slektningar – Pinus norwegicus, eller er det sembrafuru. Trekjernen i tĂžmmerstokken som er funnen i ei myr pĂ„ eit nordmĂžrsfjell, er over seks tusen Ă„tte hundre Ă„r gamal, viser datering. Brevkniven er sylskarp – sĂ„ hardt er treverket – enno med duft av furukvae.

Du, furu, held deg lenge om du fÄr falle ein dag av deg sjÞlv etter hundrevis av Är som kvit tÞrrfuru, kelofuru. Kvaen i treverket impregnerer deg i oksygenfattig, humussur myrjord. Ikkje ein gong pyramidane i Egypt var pÄtenkte dÄ «brevknivfurua» levde. Eg kallar denne furua nordmÞrsfuru, nÄr eg ser henne stikke opp av moltemyrene der nord.

Til slutt, du vakre og godt levde furu, noko Per Ingvar Haukeland seier i den nye boka om Arne NĂŠss, Dyp glede (Flux forlag, 2025):

«Det er som om vi befinner oss i en bÄt som er truffet av et isfjell. Noen forsÞker Ä reparere hullet, andre roper at retningen pÄ bÄten mÄ legges om, ellers treffer vi nye isfjell, mens andre igjen tar det med ro og sier: Slapp av, skuta kan ikke synke!»

đŸ·ïž Extracted Entities (11)

Arne NĂŠss (person) Diktaren Henrik Wergeland (person) Dyp (entity) Egypt (entity) FN (entity) Flux (entity) Noreg (entity) Per Ingvar Haukeland (person) Pinus (entity) Rachel Carson (person) Todalen (entity)