Sogndal Fotball – ei kraft større enn seg sjølv
Det er noko spesielt med å koma heim att. Å flytta tilbake til Sogndal har for meg forsterka kjensla av stoltheit over bygda, menneska og fellesskapet. Eg har fått moglegheita til å bidra inn i Sogndal Fotball som konstituert dagleg leiar, og det har gitt meg eit endå tydelegare bilete av kva denne klubben kan vera – og kva han bør vera – for Sogndalssamfunnet.
Sogndal Fotball er meir enn ein fotballklubb. Han er ein utviklingsarena, ein møteplass og ein identitetsberar. Samstundes må me vera ærlege på at klubben dei siste åra ikkje har vore like tydeleg og sterk som samfunnsaktør som han har vore tidlegare. Det er noko me må ta på alvor. For når Sogndal Fotball er tett på lokalsamfunnet, skapar det ei kraft som betyr mykje meir enn resultat på tabellen.
Då nyheita kom om at Rune Bolseth blir assistenttrenar i Molde FK etter 24 år i klubben, fekk det fleire til å stoppa opp og reflektera. Dette er ein legende for oss i Sogndal, og det han sjølv seier om tida her, seier mykje om kva klubben gjer for folk – langt utover det sportslege.
Rune peikar på at han fekk moglegheita til å gå direkte frå spelarkarriere til trenarjobb, takka vere tilliten frå folk som Eirik Bakke og Terje Skjeldestad. Han seier også at utviklingsmoglegheitene og prestasjonskulturen i klubben har vore avgjerande for den han er som trenar i dag, og at standinga klubben har i landet er ein viktig faktor i at slike moglegheiter dukkar opp.
Dette er eit tydeleg døme på den sterke tradisjonen Sogndal Fotball har for å utvikle spelarar, trenarar og leiarar – tradisjonar som me alle kan vera stolte av. Lista over namn er lang. Som Jon Navarsete nyleg løfta fram i eit innlegg på Facebook, har Sogndal Fotball gjennom tiår vore ein viktig leverandør av spelarar, trenarar og leiarar til norsk toppfotball.
Først ute på spelarsida var Per Ingar Sviggum, Finn Stedje og Johan Johannessen, og gjennom generasjonar har sogndøler sett sitt preg på norsk fotball. På trenarsida er Ingvar Stadheim, Harald Aabrekk, Ørjan Christiansen, Eirik Bakke og Marius Lenni Bø eit utval av dei som har vore viktige bidragsytarar ute i fotball-Norge.
Og på leiarsida har personar som Rolf Navarsete, Svein Bakke og Yngve Hallén sett spor etter seg i toppfotballen. Dette fell saman med den identiteten og kultur rundt utvikling som Rune sjølv omtalar som fundamentet for sin trenaridentitet.
Kvifor er dette viktig? Fordi det seier noko grunnleggjande om identiteten vår. Sogndal Fotball har aldri vore ein klubb som lukka seg om seg sjølv. Tvert imot har han vore nysgjerrig, delt kompetanse og sendt folk vidare. Erfaringane har kome tilbake til Sogndal i form av kunnskap, nettverk og ambisjonar. Det er ein viktig grunn til at Sogndal, som ein av berre åtte klubbar i landet, har hatt 50 år på nivå ein og to i norsk fotball.
Men krafta stoppar ikkje ved fotballen. Den same energien og dugnadsånda har vore med på å byggja eit heilt samfunn. Fellesskapet har skapt Sogndalsfjøra, Fosshaugane Campus, idrettsanlegg og kulturtilbod. Hodlekve er eit godt døme på kva som er mogleg når folk dreg i same retning. Fotballen har vore – og bør igjen vera – ein samlande kraft i bygda.
Ja, me har vore ti år i OBOS-ligaen. Ja, økonomien i toppfotballen er krevjande. Men historia viser at Sogndal Fotball alltid har funne nye vegar. Marginane har vore små, og opprykk har vore innan rekkevidde. Det er framleis fullt mogleg å kjempa seg opp att.
Kvifor engasjere seg i Sogndal Fotball? Fordi engasjement skapar glede, entusiasme og stoltheit. Fordi fellesskapet skapar ei kraft som gjer Sogndal til ein av dei beste plassane i verda å bu. Og fordi det unike ved Sogndal – kombinasjonen av fotball, kompetanse og fellesskap – er verdt å ta vare på og vidareutvikla.
Som ny i ei rolle i Sogndal Fotball er eg alt etter kort tid overtydd om éin ting: Dei gode kreftene i klubben dreg i same retning. Dyktige tilsette, viktige frivillige og gode ressurspersonar skapar saman eit fellesskap med kraft i seg.
Denne krafta vil gje nye, samlande opplevingar på Fosshaugane – til glede for Sogndal, Indre Sogn og heile Sogn og Fjordane. Og slik det har vore i tiår, er eg trygg på at Sogndal Fotball også i framtida vil levera trenarar og leiarar som set sitt preg på norsk toppfotball.