Kva gjer vi når nasjonaldyret slit?
Fjellforvaltinga er i sterkt fokus for tida. Både nedbygginga av natur og fotturismen er ute av kontroll, og svært uheldig for nasjonaldyret vårt. Villreinen treng å leva ut sine livsviktige sedvanar – å vandre fritt for å utnytte vintermaten sin, laven. Men slik er det ikkje lengre, for vi har sett grådyra ettertrykkeleg «på bås» og stengt tusenårige tradisjonstrekk, slik at dyra må ta til takke med sterkt avgrensa beite- og miljømangfald. Såleis får dei mindre kroppsreservar å bufre med når det trengs.
Etter arbeid i og med fjellnaturen ein mannsalder, er eg i dag skremt over kor fort grunnleggjande kunnskap forsvinn. Når villreinen slit med låg kalvetilvekst år om anna, blir det no med ein gong ropt om jaktstopp. Sjølv grupper som ferdast mykje i fjellet, ytrar seg svært kritisk til jaktuttak av dyr. Også i GD 6. januar blir det ytra førestillingar om dette m.m..
Villreinjakt og utrydningstruede fjellturister
Jakt er ein heilt naudsynt bestandsregulator i våre villreinbestandar. 0-jakt betyr ukontrollert bestandsvekst og nedbeiting av fleirårig vinterbeitegrunnlag, med svolt og fråverande dyrevelferd som fylgje. Og i landet vårt er det ikkje politisk stemning for å setja store rovdyr til å regulere bestanden (levande bygder med beitedyr vil ein klar majoritet i befolkninga ha).
Mange tek også til orde for å auke bestandane slik at det er rein spreidd utover i heile leveområdet. Men dette er slett ikkje i tråd med reinsdyra sin nøysame arealbruk, der flokkane har ein vel tilpassa rotasjonsbruk for å unngå nedbeiting av sårbare lavmatter/vinterbeite.
Historiske, stadfesta bestandsdata frå Snøhettaområdet viser at flokkane gjerne nyttar same vinterbeitet i 10 år eller meir, før dei så skiftar beiteområde slik at lavmatta ikkje blir totalt nedbeita.Vi lærte at det tok over 40 år å byggje opp att lavbeitet på Dovrefjell, etter at bestanden vart katastrofalt stor på 1960-talet med små og utmagra dyr. Da var alle vinterbeita totalt nedbeita. Slik vil vi vel slett ikkje ha det! I dag nyttar vi forholdet kjevelengde/slaktevekt som indikator for å overvake dyra sin «livskraft», slik at vi kan balansere dyretalet med beitegrunnlaget.
Vi må byggje forvaltinga på den til ei kvar tid beste kunnskap og forstand gjennom heile styringshierarkiet. Og dette blir gjort på ein god måte!
Ein annan sak er sjølve jaktutøvinga. Jaktmetodane er i stadig endring, og jakta bør kontinuerleg justerast til reinen sitt beste. Noreg er kjent for å ha jaktforvalting av hjortevilt heilt i verdstoppen.
Årsaka til at det no lyser raudt, er den stadig meir omseggripande fragmenteringa av reinen sine leveområde. Dette gjer bestandane mykje mindre robuste mot skiftande miljøforhold. Kalvetilveksten vekslar til dømes mykje meir i område som har fått storleiken – og følgjeleg beitemangfaldet og dei generelle livsvilkåra – kraftig redusert eller forringa. Dette er dei underliggande problema til reinen sin attendegang.
Eit konkret døme på fragmentering, er valfartinga til Dovrevidda for å ta ekstreme vinterbilde av moskus. Dette skjer innan reinen sine aller viktigaste vinterbeiteområde i Snøhetta-terrenget. Ein må ha von om at dei mykje omtala tiltaksplanane for villreinen sine leveområde vil gjera ein forskjell frametter, slik at naudsynte omsyn blir teke. Eg håpar at også etterkommarane mine skal få oppleva heil fjellnatur!
Det finst ei unik «skattekiste» som eit stort tal reinsjegergenerasjonar har lagt att til oss opp gjennom tidene. Den inneheld eit stort mangfald med tause vitne om den berekraftige sameksistensen mellom folk og rein. Hundrevis av fangstgroper og bågåstøer er konsentrert i eldgamle trekkvegar, og viser at fjellområda Dovrefjell, Trollheimen og Rondane for 200 år sidan og bakover i tid utgjorde eit einskapleg kjempestort leveområde for den viktigaste matressursen vår gjennom alle tider. No er det berre et lappeteppe av mindre fjellområde som er under press frå alle kantar. Da blir ljoset knallraudt og alle samfunnet sine gode krefter må gå i seg sjølv.
No treng grådyra oss. Vi må betale attende noko av det vi skuldar dei for hundrevis av generasjonar si overleving i fjellandet vårt. Per Jordhøy