Kunsten berga Tommy
DÄ Tommy (36) stod midt i ei livskrise fann han trÞyst pÄ ein heilt spesiell mÄte.
Kunsten berga Tommy
Tommy Ingebrigtsen (36) lirkar ut ei skuffe i skatollet heime i stova pÄ VokkÞya.
Ho er overfylt med ferdige og halvferdige smÄ og store akvarellar. Dei fleste viser hav som herjar og bÄtar som stampar seg fram.
PÄ gardsplassen utanfor stoveglaset er det spor frÄ dagens utearbeid. Gravemaskina stÞttar seg til ein jordhaug.
Tommy er snikkar og skal sette opp ny lÄve pÄ garden han deler med kjÊrasten Marit Skogsholm (36) og har begynt Ä grave ut tomta.
Han finn fram ein kopp med vatn og ein med kaffi. Vatnet er til mÄlarsakene. Kaffien til mÄlaren. Han tek seg god tid. Dette er ei viktig stund for han.
â Kall det gjerne terapi, fortel han.
Eit uvanleg val
Tommy er ein nordlending som fiksar det meste. Latteren og dei kjappe replikkane kjem lett.
Men Tommy har ogsÄ fÄtt kjenne pÄ noko tyngre og mÞrkare.
For Ätte Är sidan tok Tommy og kjÊrasten Marit eit uvanleg val. Dei braut opp frÄ bylivet i BodÞ og flytta langt ut i Vestfjorden til fiskevÊret HelligvÊr og til Þya VokkÞya.
Dei skulle berre teste Þylivet eit halvÄr. SjÞlv om dei fleste hadde flytta frÄ det gamle fiskevÊret, skjÞnte paret fort at dette var plassen dei skulle vere. Her ville dei starte familie og dele livet saman. Dei gjekk i gang med Ä byggje opp garden.
TĂžff beskjed
Det var stormar, veglÞyse og eit enklare liv dei hadde fÞrebudd seg pÄ, men det var noko heilt anna som skulle gjere kvardagen ekstra vanskeleg.
Knapt eit Är etter at dei flytta ut i havgapet, fekk snikkaren den tÞffe beskjeden.
â Eg oppdaga ein liten kul pĂ„ armen og hadde jo ei viss kjensle av at kanskje det her var noko skummelt.
Tommy hadde fÄtt kreft.
Likevel var det ikkje kreftsjukdomen som skulle bli den hardaste kampen.
MĂžtte veggen
Ăylivet mĂ„tte vente. Tommy mĂ„tte bli frisk.
SjĂžlv om prognosane var gode, var det fare for tilbakefall.
Kvardagen var brÄtt endra for snikkaren, og bak det blide og tÞffe ytre skjulte det seg no noko mÞrkare.
Marit prÞvde Ä hjelpe Tommy med Ä tenkje pÄ andre ting enn sjukdomen.
â Det var ei stor pĂ„kjenning. Eg prĂžvde Ă„ hjelpe han med Ă„ ta litt avstand frĂ„ sjĂžlve sjukdomsdelen. For kreften kunne eg ikkje gjere noko med, men eg kunne vere der for han ved Ă„ finne pĂ„ andre ting, fortel ho.
Kunsten til morfaren
Marit vart ei viktig stĂžtte. Og det var ho som til slutt pusha han til Ă„ gjere alvor av ein gamal hobby.
Det er pÄ ei kunstutstilling i KvÊfjorden Tommy fÞrst mÞter hobbyen sin igjen. Ein hobby som skal bety mykje for han.
Utstillinga markerte det som skulle ha vore 100-Ärsdagen til morfaren hans, Petter Fredriksen. Morfaren var fiskar og kunstnar. Han hadde utdanning frÄ Paris og ei stor kunstsamling. Denne dagen blir alt morfaren nokon gong hadde teikna og mÄla stilt ut.
â Det var utruleg inspirerande Ă„ sjĂ„ alt han hadde fĂ„tt til, fortel Tommy.
Kunsten til bestefaren tente ein glĂžd i han. I oppveksten hadde morfaren lĂŠrt Tommy Ă„ teikne litt.
Marit oppmoda han til Ä byrje Ä mÄle og teikne og kjÞpte mÄlarsaker til han.
Medan han venta pÄ operasjonen starta snikkaren sÄ smÄtt Ä mÄle og teikne igjen. Han merka at det gjorde noko med han. Tommy fann fram penslane oftare.
Akvarellane vart ei redning for Tommy dÄ han stod midt i ei livskrise.
Det gav han kontroll pÄ dei vonde tankane, og han ramla inn i ei boble der ingenting anna eksisterte.
â Det var berre eg, og det eg skulle mĂ„le.
Heime pÄ VokkÞya henta han inspirasjon. FrÄ utsikta mot havet, bÄtane som reiste forbi, den rÞffe og vakre naturen og det rike dyrelivet. Det vart ei viktig avkopling.
Ein halvert biceps
Vinteren og vÄren 2018 budde han mykje pÄ sjukehus i Bergen. Milevis unna VokkÞya. Her fekk han strÄlebehandling og vart operert.
FĂžr operasjonen fekk snikkaren beskjed om at det ikkje var sikkert at dei kunne berge nervebana til handa og armen.
â Men dĂ„ hadde det gĂ„tt sĂ„ langt at eg brydde meg ikkje noko om det. Eg ville berre overleve.
PÄ oppvakninga etter operasjonen merka Tommy at han heldigvis kunne rÞre pÄ armen.
â DĂ„ var eg bra lukkeleg. DĂ„ visste eg at eg i alle fall kunne teikne og mĂ„le. Eg kunne jo ikkje snikre og sĂ„nn med ein gong. Men eg kunne i alle fall gjere noko.
Tommy vart friskmeld, og dei kunne reise tilbake til kvardagen pÄ Þya si. Halve bicepsen var vekke og Tommy sjukmeld frÄ jobb.
Tommy er endeleg tilbake pÄ Þya si etter operasjonen og lang tid pÄ sjukehus.
Helseangst
Den fÞrste tida etter operasjonen kjende Tommy pÄ ei stor lette.
Men etter ei stund kom ein skremmande tanke: Kva om kreften kjem tilbake?
â DĂ„ vart alt veldig tungt, og dei vonde tankane sneik seg innpĂ„ meg igjen. Det er fort gjort Ă„ fĂ„ helseangst, fortel Tommy.
Operasjonen var stor. Og han kunne framleis ikkje jobbe. Det vart mykje tid til Ă„ tenkje.
âDet er jo ikkje kroppen som fĂ„r det stĂžrste arret. Det er psyken.
PÄ eit tidspunkt mÄla Tommy opp mot fire akvarellar for dagen.
Tommy tok fram penselen att, og motiv frÄ havet og Þya blei foreviga av farge og vatn. Den sommaren mÄlar han fire akvarellar kvar dag.
«Mannskit»
Heime i stova pÄ VokkÞya er det knapt mogleg Ä fÄ kontakt med Tommy. I djup konsentrasjon skapar han eit blÄtt landskap til ei gamal jekt.
I vindauget bak han ser ein bÞlgjene slÄ lett mot land og ferja mellom BodÞ og Moskenes som glir forbi uti fjorden. Det tek ikkje lang tid fÞr penselstroka har forma ei mast med brunraude segl. Det er lett Ä sjÄ at han let seg fascinere av nordlandsbÄtar.
SjÞlv kallar han mange av mÄleria sine for noko skikkeleg «mannskit».
â NĂ„r eg er ferdig med eit mĂ„leri, og eg er litt misfornĂžgd, sĂ„ set eg det opp pĂ„ hylla i stova. SĂ„ gĂ„r det nokre dagar, sĂ„ ... Nei, kanskje det var litt fint likevel, seier han og ler.
SjÞlv om det er kjekt Ä sjÄ dei ferdige mÄleria er det sjÞlve prosessen som er viktigast for Tommy.
â Tankane berre flyg av garde og tida stĂ„r stille. Det er ei fin flukt i kvardagen.
Far for fĂžrste gong
à ret etter operasjonen fekk Tommy og kjÊrasten ei gladmelding. Dei skulle bli foreldre for fÞrste gong, og garden deira har ogsÄ vakse med bÄde sauer og hÞner.
Tommy og Marit dÄ dei venta eldstedottera.
Men kort tid etter gladmeldinga fekk Tommy ogsÄ ein annan beskjed. PÄ den siste rutinekontrollen pÄ sjukehuset i BodÞ skjedde det han frykta.
â Dei fann skuggar pĂ„ lungene og pĂ„ skjoldbruskkjertelen, som dei var usikre pĂ„ kva var.
Dei negative tankane var pÄ plass att. Han vart redd for tilbakefall.
â Det var eit kjempeslag i fleisen for meg. DĂ„ kjendest det som at det var det siste eg kom til Ă„ fĂ„ oppleve. At eg kanskje ikkje fĂ„r oppleve mi eiga dotter ein gong. Det var blytungt.
Tommy frykta det verste.
Mentalt sterk
Hobbyen vart livsviktig. Tommy skulle bli pappa, og han nekta Ă„ la mĂžrket vinne. Han ville vere sterk â bĂ„de i kroppen og i hovudet.
â Eg ville jo vere tipp topp pĂ„ alle moglege mĂ„tar.
SjÞlv om skuggane pÄ bileta viste seg Ä vere ufarlege, sat stÞkken i lenge. Kroppen var frisk, men den mentale oppryddinga tok tid. Akvarellane hjelpte han med Ä fÄ uttrykkje kjenslene og tankane gjennom penselen.
â Eg jobba mykje med psyken min og tankesettet mitt.
Ei gÄve i livet
PÄ gardstunet pÄ VokkÞya er det ikkje berre lam, villsau og hÞner som no spring rundt.
Tilde (5) og Maja (3) fÞlgjer spent med nÄr pappa Tommy kjem kÞyrande med gravemaskina. Saman med dei kjenner han seg som ein superhelt.
â Kvar ein dag med jentene er ei gĂ„ve i livet, seier Tommy.
Helseangsten vart pÄ mange mÄtar tÞffare Ä overvinne enn sjÞlve kreftsjukdomen. Ein redsel for Ä miste det han hadde i vente.
Kunsten gjorde det enklare Ä takle angsten. Ein mÄte Ä meistre noko pÄ og hjelp til Ä fokusere pÄ dei rette tinga.
Han kjenner seg sterkare mentalt. Sterk for Marit, og for dĂžtrene.
â Eg har blitt betre rusta. Det har eg. Eg prisar meg lukkeleg for kvar dag eg er frisk, fortel Tommy.
Kopplam om vÄren skapar fine stunder for heile familien pÄ VokkÞya. Tilde (t.v.) og Maja (t.h.) er ivrige hjelparar.
Kan ikkje berre vente pÄ framtida
I sommar vart det bryllaup pÄ VokkÞya, og paret kunne endeleg seie «ja» til kvarandre. Marit kjenner at dei har kome godt ut av dei tunge periodane, og saman lÊrt seg Ä fokusere pÄ dei tinga som verkeleg betyr noko.
Marit og Tommy pÄ bryllaupsdagen i sommar saman med jentene Maja (3) og Tilde (5).
â Det er viktig Ă„ leve her og no, og ikkje berre vente pĂ„ alt som kjem, seier Marit.
Tommy er samd med kona.
â Dei dagane eg kan sleppe alt heilt og berre leike og herje med jentene, det er den finaste tida eg har i livet, seier han.
Tommy legg ned penselen for i dag og losnar den blÄ teipen. Nok ein nordlandsbÄt i blÄtt havgap kan leggast til samlinga.
â Eg synest ikkje dette er det beste eg har gjort, men godt nok, seier han og ler.
PÄ kort tid har det kvite arket fÄtt liv. NordlandsbÄtar er noko av det Tommy mÄlar mest.
SjÄ Tommy Ingebrigtsen og Marit Skogsholm i sesong 24 av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».