I år blir det UKM igjen: – Håpar mange blir med
Laurdag 7. mars blir det igjen kulturfestival for ungdom i Kvinnherad.
– Vi tek ansvar for å arrangera UKM i Kvinnherad frå i år. Vi gler oss og satsar på god stabilitet og kontinuitet for dette arrangementet framover. Dette er ein viktig plattform der unge, kreative folk møtest! seier initiativtakar og rektor ved Kvinnherad kulturskule, Kirill Zimin.
I fjor var det ikkje UKM på grunn av mangel på ressursar.
Med eit stort smil held Zimin opp plakaten og opplyser at UKM er ei viktig kulturell hending, og påmeldingsfristen er 22. februar. Den er endeleg, på grunn av at det er litt arbeid med teknisk tilrettelegging som lys og lyd til dei ulike innslaga.
Ungdomsfestivalen vil gå føre seg i black box-salen i kulturskulesenteret på Husnes.
No håpar dei at mange vil melda seg på med innslag av ulike typar kultur. UKM er for alle mellom 13 og 20 år. Ein får profesjonelle rammer, eit fellesskap, ei scene å stå på, og eit publikum.
– Alle typar kulturelle uttrykk er velkomne, uansett kva ein driv med. Her er det ikkje berre snakk om musikk og dans. Kanskje nokon driv med noko vi ikkje har høyrt om før i kommunen. Det er berre å melda seg på! seier Kirill Zimin.
Han fekk sjølv godt høve til å uttrykka eigen kultur då han var ung.
– Eg hadde gode lærarar og veldig gode tilbod. Nettopp difor er eg oppteken av at flest mogleg unge i kommunen vår òg får det, seier han.
Han meiner at å driva med kultur er viktig i oppveksten. Ikkje berre for dei som vil ha kultur som yrke.
– Ein slik type kulturelt arrangement som UKM spelar ei viktig rolle for unge si vekst og danning, seier han.
Difor er det eit mål å gje ungdom frå distriktet liknande tilbod som ungdom i byar har.
UKM er ikkje ein konkurranse, men ein ungdomsfestival der ein kan gå vidare til fylkesmønstring og landsmønstring. Dette vert avgjort av ein jury, og Kirill Zimin opplyser at i år vil dei prøva å få det til slik at juryen har eit svar på kven som får reisa allereie same dag, 7. mars.
Så mange unge kvinnheringar «vann» i skattelotteriet