– Hunden har vore livredd kvar dag, lenge etter nyttårsfeiringa
Reglane er tydelege: Privat oppskyting av fyrverkeri er berre lovleg i nokre timar nyttårsaftan. Det er det ikkje alle som respekterer i Odda, til ein hundeeigar si store fortviling.
Nyttårsfeiringa er vel overstått, men HF-redaksjonen får framleis tips om fyrverkeribruk i Odda.
- januar fortel ein innbyggjar som opplever at dei daglege turane med hunden har blitt øydelagde av at hunden er blitt skremd av fyrverkeri.
– Kan de ikkje skriva litt om kva reglar som gjeld, ber kvinna, og held fram:
– Ein ting er nyttårsaftan, den eine dagen klarar vi å handtera det. Men treng ein verkeleg å skyta opp fyrverkeri i fleire dagar etterpå? Eg har kome heim med ein livredd hund kvar dag sidan salet opna. Eg synest det er på tide at dei som gjer slikt tek ansvar, seier ho.
Reglar for kjøp og bruk av fyrverkeri for privatpersonar er regulert gjennom forskrift om håndtering av eksplosjonsfarlig stoff og forskrift om pyrotekniske artiklar.
Forskriftene framstår som rimeleg tydelege, både når det er lov å selja og tidsrommet ein kan skyta opp fyrverkeri:
- Sal og utlevering av anna fyrverkeri klasse II og III direkte til forbrukar kan berre skje i tidsrommet 27. til 31. desember, frå eit eigna handelslokale eller salsstad over disk og av betening.
- Totalt kan det avfyrast fyrverkeri i eit tidsrom på åtte timar. Det er nyttårsaftan frå klokka 18.00 til 02.00. All annan oppskyting krev løyve frå politiet.
Ullensvang har også ei eiga forskrift om politivedtekt der temaet er nemnt i under paragrafen «Farleg eller skremmande verksemd» at det på, ut over eller like attmed offentleg stad er forbode: