- Noverande jernbanetunnelar må sikrast først
- januar signerte Fellesprosjektet Arna-Stanghelle (FAS), kontrakt med Mesta om sikring av tre eksisterande jernbanetunnelar.
Det melder prosjektleiar for FAS, Kari Bremnes.
- Dei tre jernbanetunnelane me no skal sikra, vil med tida liggja tett på dei nye tunnelane me skal byggja. Nokre stader er det ikkje mange meter mellom tunnelane i fjellet, og det er naudsynt å sikra dagens tunnelar før me går i gang med å sprengja ut nye tunnelar, seier Bremnes.
Kryssing i fjellet
Dei tre jernbanetunnelane vert kryssa av dei nye anleggstunnelane inn til dei framtidige nye veg- og jernbanetunnelane som Fellesprosjektet skal i gang med å byggja. Prosjektleiar i FAS, Kari Bremnes, fortel at prosjektet er i rute og at arbeida i dei tre jernbanetunnelane er avgjerande for å kunna starta arbeidet med å etablera anleggstunnelane.
Startar arbeidet alt i januar
- Kontrakten har ein verdi på om lag 25 millionar kroner, eks moms. Arbeida omfattar reinsking, sikring med boltar og sprøytebetong i tre eksisterande jernbanetunnelar, nemleg Store Fossmark, Hananipa og Romslo II, seier Bremnes.
Arbeidet med dei tre eksisterande jernbanetunnelane startar alt no i januar, og er planlagt ferdig i august. Sikringsarbeidet skal gjerast i eksisterande jernbanetunnelar, der det er togtrafikk. Difor må arbeidet gjerast i periodar når bana er stengd for trafikk.
Har oppretta nabokontakt for FAS
Stor interesse for fellesprosjektet Arna-Stanghelle
Frå neste haust vil arbeidet med ny veg og bane verkeleg merkast
- Eg er oppriktig bekymra for alt som kjem saman med FAS
Ny kontroll- og vektplass for E16 i Furnestræet
Første tunnelkontrakten for K5 er ute