Herold

Er Fjordane og Balestrand gløymd når HF skal endre ambulansestrukturen?

Kilde: Sogn Avis Author: Renate Rendedal på vegner av Fjordane Grendalag, styret, Vetlefjorden og Sværefjorden Published: 2026-01-09 16:03:25
Er Fjordane og Balestrand gløymd når HF skal endre ambulansestrukturen?

Fjordane grendelag ynskjer å gjere oppmerksam på at Helse Førde føreslår å endre ambulansestrukturen i Ytre Sogn, slik dei kjem fram i styresak 93/2025 – Prosjekt prehospitale tenester.

Grendelaget er djupt uroa for konsekvensane desse endringane vil få for beredskap, responstid og tryggleik for innbyggjarane i Balestrand og omland.

Fjordane grendelag kan ikkje sjå at Sogndal kommune er nemnd eller involvert som part i førebuinga av denne saka. I styresaka er det lagt opp til dialog med Høyanger kommune ved etablering av beredskapspunkt i Lavik, men Sogndal kommune er ikkje omtalt verken i samband med gjennomføring, eller planlagd evaluering av endringane.

Dette er svært urovekkjande, då delar av Sogndal kommune – særleg tidlegare Balestrand kommune – vert direkte råka av endringane i ambulansestrukturen. Grendelaget meiner det er problematisk at ei så viktig sak for akuttberedskap og pasienttryggleik vert handsama utan formell involvering av kommunen som faktisk er direkte berørt.

Fjordane grendelag vil og vise til at ambulansen i Balestrand vart lagt ned i 2013. Som kompensasjon vart dagbil i Høyanger etablert, for å sikre forsvarleg beredskap innover mot Balestrand.

I det føreslåtte vedtaket skal denne dagbilen flyttast til beredskapspunktet i Lavik dei dagane døgnbilen til Høyanger er ledig. Vi stiller spørsmål ved korleis dette kan gje tilsvarande eller betre beredskap for området, når ein i praksis flyttar ein ressurs bort frå det området den opphavleg vart etablert i, for å sikre. Vi kan ikkje sjå at det ligg føre ei eiga lokal konsekvensvurdering for Balestrand-området som rettferdiggjer denne endringa.

Dekningsområdet til Høyanger er prega av krevjande geografi, lange avstandar – frå Menes til Sørbøvåg er det 159 km, sårbar infrastruktur er og ein realitet. Dårleg vegstandard, rasfare og periodevise vegstengingar gjer at responstidene allereie er utfordrande.

Ferjesambandet Dragsvik-Hella-Vangsnes har til stadigheit kanselleringar grunna kviletid, personellmangel eller tekniske problem. Været spelar dessutan ikkje alltid på lag fjordvegen heller. Vi veit frå tidlegare at hendingar kan oppstå samstundes, dette er og sårbart.

Grendelaget er gjort kjent med at responstidene allereie har auka sidan førre ROS-analyse i samband med prehospital plan frå 2021. Etter grendelaget sitt syn vil ei ytterlegare reduksjon i lokal ambulanseberedskap auke risikoen for lengre responstid og svekkja pasienttryggleik.

Fjordane grendelag er uroa for at løysingar som beredskapspunkt og auka bruk av flåtestyring vert framstilte som fullgode alternativ til døgnambulanse. Etter vårt syn kan slike løysingar ikkje erstatte ein fast, bemanna døgnberedskap i eit område med dei geografiske og infrastrukturelle utfordringane som finst her.

Fjordane grendelag kan ikkje sjå at nedlegging av døgnambulansen i Lavik er i samsvar med målsetjingane om forsvarleg kapasitet, akseptabel responstid og trygg akuttberedskap for befolkninga.

Vi ber om at vedtak i saka vert utsett, og at det vert gjennomført reell dialog med berørte kommunar – inkludert Sogndal kommune. Ei grundig lokal konsekvensvurdering burde og vore på plass før endeleg avgjerd vert teken.

Vi vil og nytte høvet til å minne om prinsippet om likeverdige helsetenester som vi har i Norge.For oss som bur i Fjordane handlar dette om grunnleggjande tryggleik, tillit til helsetenestene og ikkje minst – vissa om at hjelp kjem når det verkeleg gjeld.

🏷️ Extracted Entities (13)

Balestrand (entity) Fjordane (entity) Høyanger (entity) Sogndal (place) HF (entity) Lavik (place) Ferjesambandet Dragsvik-Hella-Vangsne (organization) Helse Førde (person) Menes (place) Norge.For (entity) ROS-analyse (entity) Sørbøvåg (entity) Ytre Sogn (person)