16000 kroner for eit 5 minuttars møte, viser at også demokratiet kan spara pengar
Plus
Det var eit interessant oppslag i Bygdebladet denne veka om kostnader med vårt lokale demokrati. Særleg sett i høve til dei knallharde innsparingane etatane i kommunen blir pålagde. Nå opnar fleire politikarar for ein gjennomgang av utvalsstruktur med meir. Men då Ingve Lerang føreslo ein reduksjon i møtehonorara med 15 prosent for å visa solidaritet med dei tilsette, kalla varaordføraren det populisme. Hersketeknikk frå varaordføraren, kallar eg det.
I Stavanger Aftenblad den 14. november i år, har journalist Leif Tore Lindø ein kommentar med overskrifta «Hva med å kutte litt i dere selv?» Eit innlegg i tråd med tankane frå Lerang.
Alle kan gå inn på kommunen si heimeside og sjå dagsorden i dei ulike utval og råd. Likeeins kven som er medlemmer i dei ulike organa. For meg blir det rett og slett komisk når Formannskapet startar sitt møte i dag, den 27. 11. kl. 08.30, så held Kommuneplanutvalet fram kl. 11.00, og ikkje nok med det, Administrasjonsutvalet har sitt møte kl. 14.00. Seks av dei ni medlemmene i Formannskapet og Kommuneplanutvalet er dei same. Også i Administrasjonsutvalet er det fleire samanfallande namn. Dei fleste sakene i Formannskapet og Kommuneplanutvalet er dei same. Eg reknar med at det blir betalt ut fulle honorar i begge/alle utvala.
*Kva med å starta med å slå saman utval? Det kan gjerast nå. *I Hå er formannskapet og kommuneplanutvalet slegne saman. Sandnes vurderer det same. I til dømes Klepp, Time og Sola finn ein ikkje kommuneplanutval som eige utval.
Eg er klar over at på valnatta og dagen etter blei det lagt ein kabal mellom samarbeidspartia som gav desse partia leiarverv i eit sentralt utval. Men i innsparingstider må det vera viktigare også å spara demokratikostnader enn ei slags rettferd ved at alle parti skal ha eit godt betalt leiarverv. La gjerne dei tre i Kommuneplanutvalet som ikkje er med i Formannskapet nå, gå inn i dette utvalet, for å sikra best mogleg breidde.
I kommunestyremøtet den 9. september i år røysta Ask Brekke og underskrivne for Kommunedirektøren sitt framlegg om å redusera frå sju til seks møterundar i 2026.
Innsparingane ville bli over 200 000 kroner, og endringa vil vera heilt forsvarleg, meinte Kommunedirektøren. Med like lang sommarpause for begge alternativa, ville det med enkel hovudrekning berre bli sju-åtte dagar lengre mellom møterundane. Så ville ein spara betydelege administrative ressursar. Det er vanskeleg å ta utsegner om lengre ventetid for enkeltsaker på alvor. Når eg tek denne saka på ny, blir eg skulda for omkamp. Men det er ein ny kamp, for nå har me realiteten i det nye budsjettet framføre oss. Det går an å gjera om vedtaket frå september.
Honnør til Ingve Lerang for framlegget om 15 prosent reduksjon. Alternativt kan ein gå for halvt honorar for møte som til dømes varer kortare enn tre timar. Her må eg leggja til at eg var medlem av Bygningsrådet i Randaberg både for 50 og 40 år sidan, og av Kommunestyret for 30 år sidan. Eg meiner at det ikkje blei utøvd dårlegare politikk då, når det dreidde seg om dugnad eller symbolsk honorar.
Den millionen ein vil kunna spara inn, er kanskje ikkje avgjerande i den store samanhengen, men vil vera svært viktig i høve til å visa solidaritet med alle tilsette, men også ovafor dei som ikkje får sine ynskje oppfylte. Det vil vera godt synleg, og alt kan gjerast gjeldande for 2026. Om det er vilje.