Personskade etter rygge-ulykke
Politiet i Hardanger fekk torsdag kveld melding om eit trafikkuhell som skal ha skjedd midt på dagen i Odda sentrum.
– Kva som har skjedd er enno litt uklart. Ulykka skal ha skjedd i forbindelse med rygging. Ein person fall og fekk personskade, og blei send til sjukehus, opplyser politistasjonssjef Øystein Torsnes.
Politiet har oppretta undersøkingssak på ulykka for å få klarleik i kva som har skjedd.
🏷️ Extracted Entities (3)
Hardanger
(entity)
Odda
(entity)
Øystein Torsnes
(person)