Herold

Varebil i grøfta på glatta

Kilde: Firda Author: Einar Lundsør Published: 2026-01-09 15:24:41
Varebil i grøfta på glatta

Køyrd ut i sving i bratt nedoverbakke.

Det er glatte vegar om dagen, noko to personar i ein elektrisk varebil har fått merke fredag ettermiddag i Stad.

Kl. 16.08 fekk 110-sentralen melding om utløyst e-call frå eit køyretøy som har køyrd av vegen.

– Køyretøyet er opplyst å ligge på sida i grøfta ved vegen, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit.

Uhellet har skjedd i eller ved krysset som skil fv. 5750 og fv. 5753 ved Vestkappvegen på Stadlandet.

Begge personane i varebilen er medvitne, og det er ikkje opplyst om personskadar.

– Airbag er utløyst. Det er glatt veg på staden, og bilen har sklidd ut av vegen. Brannvesenet er framme på staden, og politi og ambulanse er på veg. Det verkar udramatisk, opplyser Kolltveit.

Litt seinare kjem ei oppdatering:

– Bilen har køyrd ut i ein sving i bratt nedoverbakke. Den hadde gode vinterdekk.

Bilbergar er rekvirert, og politiet har ingen mistanke om ruspåverking. Bilføraren var ein mann i 20-åra, passasjeren ein gut i tenåra.

Naudetatane er i ferd med å avslutte på staden. Sak blir oppretta, men det er ikkje tatt beslag i førarkort. Dei to involverte får skyss av politiet og blir avhøyrd.

Kart med ID 459455

🔗 Published by 2 sources - Compare:

THIS SOURCE Firda
Varebil i grøfta på glatta
Einar Lundsør · 2026-01-09 15:24:41
Køyrd ut i sving i bratt nedoverbakke.
Varebil i grøfta på glatta
Einar Lundsør · 2026-01-09 15:24:41
Køyrd ut i sving i bratt nedoverbakke.

📰 Same Event Coverage (1 articles)

These articles appear to cover the same news event, detected by different methods:

🏷️ Extracted Entities (5)

ID (entity) Stad (place) Stadlandet (entity) Vest (entity) Vestkappvegen (entity)