Herold

Dømd for 13. gong for køyring utan gyldig førarkort

Kilde: Sogn Avis Author: Keth Øren Published: 2026-01-09 12:03:44
Dømd for 13. gong for køyring utan gyldig førarkort

Mannen fekk også nokon til gje falsk forklaring.

Mannen i 20-åra vart sikta for fleire tilfelle av brot på vegtrafikklova. Retten såg mest alvorleg på at han gjentekne gonger har køyrt utan gyldig førarkort.

Han er domfelt fire gonger tidlegare, for til saman tolv tilfelle av køyring utan gyldig førarrett.

I Sogn og Fjordane tingrett måtte han no svara for det 13. tilfellet. Køyreturen i Sunnfjord hadde enda med at han mista kontrollen og køyrde inn i ein lyktestolpe. Bilen var heller ikkje skikkeleg forsikra.

I ei tidlegare sak hadde han instruert sin dåverande kjærast til å seia at ho hadde køyrt bilen og ikkje han sjølv.

I retten vart det utmålt straff for å ha køyrt utan gyldig førarkort, for at bilen ikkje var lovleg forsikra, og for eit tilfelle av medverknad til falsk forklaring.

Mannen tilstod utan atterhald i retten.

Retten meiner han med 13 tilfelle av køyring utan gyldig førarkort har vist manglande respekt for lova, og at det må reagerast på ein merkbar måte, denne gong med fengselsstraff.

Etter ei samla vurdering dømde retten han til fengsel i 24 dagar.

🏷️ Extracted Entities (3)

Fjordane (entity) Sogn (entity) Sunnfjord (place)