Benjamin (11) skal delta i «Team Pølsa»
Dei nye deltakarane i TV-suksessen «Team pølsa» er no annonsert. Benjamin (11) frå Rutledal er ein av dei.
– Han er ein herleg gut som trefte meg frå første sekund.
Det seier Øystein (Pølsa) Pettersen om Benjamin Midtbø Høyland i ei pressemelding frå NRK fredag.
Den første sesongen av «Team Pølsa» vert sett på som ein suksess. Dei seks episodane hadde i gjennomsnitt 1,25 millionar sjåarar.
– «Team Pølsa» trefte hjartet til eit heilt folk sist sesong. Det dei seks ungdommane viste oss, har engasjert og rørt veldig mange menneske. Men det er fleire historier å fortelje, som me meiner er viktige å løfta fram for oss alle, seier Pettersen.
Benjamin frå Gulen har ei av historiene som skal fram i tv-lyset denne sesongen.
Den yngste deltakaren
11-åringen er årets yngste deltakar i tv-programmet. Han vert skildra som ein aktiv gut som elskar slalåm, skyting og fotball. Det gode humøret hans er lett å verte smitta av, fortel Pettersen.
– Benjamin er modig og fantastisk, samstundes som han er sår og ærleg. Han har eit naturleg behov for å vere ein ressurs og har enormt mykje å by på. Benjamin er ein tillitsfull 11-åring som eg har vorte så glad i. Han er ein skikkeleg ekspert på å sjå løysingar for seg sjølv og andre, seier Pettersen.
Benjamin har funksjonsnedsettinga dysmeli, som er ein tilstand der armar og/eller bein ofte ikkje er utvikla vanleg. Personar med dysmeli klarar seg som regel godt, og lever slik som andre, skriv NHI på sine sider.
Fleire utfordringar denne sesongen
I den komande sesongen av «Team pølsa» er lista lagt endå høgare for deltakarane. Dei skal i tillegg til å delta på skirenn, også få læra seg skiskyting.
– Sjåarane kan forventa seg massevis av heltemot, motstand, jobbing, vonde erfaringar, sterke kjensler, gode opplevingar og seks herlege ungdommar som er modigare enn dei fleste. Forhåpentlegvis vil dei sjå ein serie som treffer på eit menneskeleg plan – og som vil gjere både godt og litt vondt og masse godt, seier Øystein Pettersen.
– Skal ikkje fylla nokon sko
Pettersen presiserer at den nye gjengen ikkje skal erstatta dei som gjekk skirennet i Trondheim i fjor.
– Dei nye deltakarane er like flotte som dei førre, og eg har blitt så glad i dei alle saman. Eg trur også sjåarane kjem til å erfara det same som meg. Deltakarane ifrå førre sesong vert ikkje gløymd, men dei får fleire heltar å heia på. Dei er herlege og ulike på kvart sitt vis, seier gruppeleiaren.
Pettersen har god tru på at sjåarane kjem til å lika dei nye deltakarane også.
– Mange seier det er store sko å fylla etter førre sesong, men då svarar eg at me ikkje skal fylla nokon sko. Me skal setje eit par nye ved sida av dei som allereie står der. Og eg kan lova dykk at det er rimeleg stor storleik på dette paret også, seier han.
Premieren på sesong 2 er fredag 27. februar i NRK TV.
🔗 Published by 2 sources - Compare:
📰 Same Event Coverage (1 articles)
These articles appear to cover the same news event, detected by different methods: