Utvikle, ikkje avvikle
Vossestrand er i vekst. Folketalet har auka med nesten 3 prosent dei siste 5 Ära. Barnekulla aukar. Administrasjonen i Voss herad foreslÄr i saka om ny barnehage- og skulestruktur Ä stoppe denne utviklinga ved Ä legge ned Hauge barnehage. Det har vore ein hÞyringsrunde der det har kome enormt med innspel frÄ oss nord i heradet, med vektige argument om kvifor Hauge barnehage mÄ flyttast til Oppheim skule etter oppussing der. Aller fyrst, lat oss vera veldig tydelege: det er behov for to barnehagar pÄ Vossestrand. Sundve FUS barnehage, og Hauge/Oppheim barnehage. Vi vil gjere greie for nokon av argumenta vÄre her.
Det er ikkje plass til alle borna i éin barnehage Ved ei nedlegging av Hauge barnehage vil Sundve FUS barnehage bli den einaste barnehagen pÄ Vossestrand. Ei av dei store utfordringane med dette er at det ikkje vil bli plass til alle borna i éin barnehage. Heradet har basert seg pÄ historikk og framskrivingar. Vi i Vossestrand iVekst (ViV) har basert oss pÄ faktiske barnekull fÞdde pÄ Vossestrand i 2025 og fÄr heilt andre tal, som fortel at Vossestrand er i vekst, og det er ikkje plass til alle pÄ Sundve. Verken arealmessig eller «plassmessig» vil det bli plass i barnehagen pÄ Sundve til alle borna frÄ Hauge, alle borna som gÄr i Sundve og alle borna med rett til barnehageplass frÄ hausten 2026. I 2026 vil det vera behov for 330 kvadratmeter leike og opphaldsareal i barnehagane. Sundve FUS har 305 kvm totalt, og dÄ er kapasiteten sprengt. DÄ gjenstÄr 25 kvm, som tilsvarar 6 ungar.
Kven blir dei heldige? Ungar og foreldre som ikkje fÄr plass pÄ Sundve mÄ pendle heilt til Vossevangen, Granvin eller Evanger for barnehage, med konsekvensane dette har for born og foreldre. PÄ folkemÞtet sa rÄdmannen at dette ville ein finne ut av i samarbeid med foreldra som uansett skulle kÞyre til Vangen pÄ arbeid. Det lurar vi svÊrt pÄ korleis skal foregÄ i praksis. Vil det dÄ lÞnne seg Ä kjenne nokon i administrasjonen? Blir det dei som er gode til Ä snakke for seg som slepp Ä kÞyre lange vegar? Eller blir det basert pÄ kilometer, og uavhengig av om du jobbar turnus eller ei? Svaret pÄ dette er at slike tildelingskriteriumr ikkje finst. Dei opnar ikkje for fordeling av plassar i forhold til arbeidsplass eller avstand. SÄ det kan like gjerne bli dei borna i Jordalen eller ytst i Myrkdalen som mÄ pendle til barnehage 4 mil unna.
Nokon gonger kan det hjelpe med litt perspektiv. Vossestrand er eit geografisk stort omrĂ„de, med fleire bygder og grender. Avstanden frĂ„ den eine ytterkanten â Jordalen â til Vossevangen er ca. den same som frĂ„ Voss tinghus til Dale. Eller om det gjev meir meining for enkelte - same avstand som frĂ„ Bergen sentrum til LonevĂ„g pĂ„ OsterĂžy. For ein morsom tanke, at nokon som bur i Bergen sentrum skulle hatt barnehageplass pĂ„ OsterĂžy. I Voss herad vil like fullt denne reiseavstanden kunne bli ein realitet om forslaget til administrasjonen gĂ„r igjennom. Og la oss minne om at dette er tilbodet til dei minste blant oss.
Bornet sitt beste Det er ikkje til bornet sitt beste Ä kÞyre fire mil éin veg i barnehagen. Det er heller ikkje bra for foreldra, det veit alle som har hatt barnehageungar. Dei fleste ynskjer ogsÄ at ungane skal gÄ i ein barnehage i lokalmiljÞet sitt.
Kva vil skje med skulen? Viss administrasjonen sitt forslag om Ä legge ned Hauge barnehage gÄr igjennom vil skulen med stort sannsyn bli lagt ned pÄ sikt. Kun éin barnehage pÄ Vossestrand vil gje eit tak pÄ antal born i bygda og gje eit elevtal pÄ ca. 13 elevar per klasse. Vi fryktar at rÄdmannen vil bruke det som argument for Ä legge ned skulen i neste runde.
Avvikling framfor utvikling Dette blir ei styrt avvikling av Vossestrand. Vossestrand vil gÄ frÄ Ä vere ei bygd i vekst til Ä verte ei bygd under adminstrativ avvikling. Ein plass med fÄ ungar i barnehage og skule og langt til andre tilbod er ikkje attraktiv. Ein vil ikkje fÄ tilflytting, bygda vil stagnere, og sakte, men sikkert svinne hen.
PÄ Vossestrand er det lyse framtidsutsikter Vi i ViV kjenner oss ikkje att i administrasjonen sin framtidsdystopi. Vi ser ei bygd som er i vekst, ikkje minst med tanke pÄ den fantastiske utviklinga det har vore i Myrkdalen, i turistnÊringa, og anna nÊringsliv som blomstrar i tilknytning til, og attmed dette. Vi har ei god plassering sentralt mellom to arbeidsmarknadar i Voss og Aurland. Det er livsviktig landbruk og eit verdifullt kulturlandskap i og rundt sjÞlvaste verdsarvomrÄdet. Unge folk ynskjer Ä busetje seg her. VÄre grafar viser befolkningsauke og stÞrre barnekull. Me opplever at heradet ikkje vil sjÄ det me ser. Administrasjonen vil jo fÄ rett i sin dystopi om dei legg ned barnehagen og set tak pÄ antall ungar det er plass til pÄ bygda. Me stÄr difor ved eit vegskilje som kan fÄ avgjerande konsekvensar for framtida vÄr.
Kva bÞr gjerast? Vi skjÞnnar at Voss herad stÄr ovanfor vanskelege avvegingar. à kutte i tilbodet til dei minste blant oss er ikkje vegen Ä gÄ. Det finst andre innsparingstiltak Ä setje i verk, eller dyre investeringar som heller fÄr vente.
Vi i Vossestrand iVekst meiner at ein i dette tilfellet bÞr sjÄ nokre Är bakover, for Ä kunne gÄ framover. No bÞr heradet ta fram planane frÄ 2021, og setje i gang og bygge om Oppheim skule. Den bÞr byggjast smart av fleire grunnar. Bygget er stort nok til bÄde barnehage og gymsal, som ogsÄ barnehagen kan nytte. Ein gymsal er det sÄrt behov for pÄ Vossestrand, dÄ kapasiteten pÄ Sundve skule er sprengt. Ein gymsal der born og unge kan mÞtast i lagsliv og aktivitet er god forebygging mot utanforskap. Det vil vere bra for dei eldre som kan ha trim der, og slik forebygge sjukdom og behov for helse- og omsorgstenester frÄ heradet. Det vil gje ein samlingsplass, der vi ser kvarandre og kan passe pÄ kvarandre. Det vil vere bra for miljÞet, og redusere biltrafikk mot sentrum, og slik ha klimagevinst.
Kan vi ha tillit?
Vi mÄ innrÞmme at tilliten vÄr til Voss herad, og sÊrskild administrasjonen, er tynnslitt. I 2016 vart tre barneskular pÄ Vossestrand lagt ned mot lovnad om at Oppheim skule skulle byggast om til barnehage og gymsal. Politikarane fatta vedtak og lÞyvde pengar i 2021. Opplevelsen var likevel at saka vart trenert. Den einaste fortgangen vi har opplevd i saka, er nÄr det vart oppdaga asbest. DÄ jobba administrasjonen plutseleg i ekspressfart, og la ut anbod om riving av bygget - mot politisk fatta vedtak - fÞr nokon fekk sukk for seg. Dette fekk vi med eit naudskrik stoppa. VÄr etter vÄr prÞver rÄdmannen Ä legge ned Hauge barnehage, vi kjempar imot.
Gjenopprett trua pÄ at lokaldemokratiet lever Det enorme engasjementet pÄ Vossestrand gjennom mange Är og no sist hÞyringsrunden bÞr bli lytta til. Vi er liv laga. Til politikarane; skap ro no, og lag eit tydeleg vedtak til administrasjonen. Det er naudsynt for Ä sikre at det ikkje blir meir trenering, og at rÄdmannen fylgjer opp kommunestyret sitt vedtak slik han er pÄlagt etter lova.
Forslag til vedtak: Hauge barnehage skal bestÄ til det er innflyttingsklart pÄ Oppheim. Konkrete ombyggingsplanar av gamle Oppheim skule skal leggjast fram for heradsstyret i lÞpet av vÄren 2026. Anbod skal ut umiddelbart etterpÄ, med oppstart av arbeidet august 2026. Innflytting pÄ Oppheim planlagt til januar/februar 2027. Formannskapet blir styringsgruppe for prosjektet, med jamlege statusoppdateringar.
Vi gler oss!
Isak (34) er siste ut som nominert til Ă rets namn: â Er det sant?
Grilling i gymsalen: Kampklare strendingar gav rÄdmannen noko Ä tenkja pÄ
I dette bygget vil dei at det skal skje noko: â Det er fortvilande og trasig