Herold

Respekt og hensyn i trafikken

Kilde: Firda Author: Bjørn Deubach, Bygstad Published: 2026-01-09 10:05:30
Respekt og hensyn i trafikken

Dette er eit brev til alle dei utrygge bilførarane som gjer det temmeleg vanskeleg for oss andre å kome oss trygt gjennom vinteren. Eg skriv dette brevet etter fleire farlege opplevingar (den siste den 29.12.) på riksveg 57 mot Bygstad, med overvelda bilførarar som rett og slett undervurderer storleiken og vekta på dei nye elbilane sine og, utan omsyn til konsekvensane, pressar andre ut i grøfta.

Vinteren legg kvart år nådelaust ope kva som ikkje fungerer i trafikken. I år er det særleg éin ting som skil seg ut: Mange bilførarar ser ut til å vere rett og slett overvelda av dei nye, tunge elbilane sine.

Det blir skore romsleg i tronge svingar, som om motgåande køyrebane berre er til pynt. Å gje plass? Gløym det. Særleg på smale vintervegar i distrikta ser det ut til å bli gløymt at ein ikkje er åleine på vegen. Snø, is og dårleg sikt krev eigentleg omsyn – i staden møter ein stadig oftare rullande festningar på fire hjul.

Problemet ligg mindre i eldrifta enn i det brå hoppet i storleik og vekt. Ei husmor (eller ein husfar) har i alle år køyrt trygt rundt i bygda med ein småbil på 800 kilo. Så kjem overgangen til ein moderne elbil – 2 400 kilo tung (gjerne det 2 eller 3 doble av den gamle bilen), brei som ein varebil og med heilt andre køyreeigenskapar. Den som trur at eit slikt køyretøy oppfører seg på vinterføre som den gamle småbilen, tek grundig feil.

Meir vekt betyr lengre bremselengd, tregare styring og mindre rom for feil. Likevel blir det køyrt som om det var høgsommar og nyleg asfaltert veg. Det er ikkje berre irriterande, men òg farleg.

Kanskje er det på tide at ein ved bilkjøp ikkje berre ser på rekkjevidd, støtteordningar og hestekrefter, men òg på eigne køyreferdigheiter – og på vegane ein brukar til dagleg? Mindre masse, meir omsyn og ein realistisk omgang med eigne grenser ville i alle fall ha gjort vintertrafikken tryggare.

PS: Og mange takk til førare som den 29.12. pressa meg ut i grøfta, og som eigentleg berre var svært uroa for den øydelagde spegelen på den for to veker sidan ny kjøpte, 2,4 tonn tunge elbilen sin og ektefellen, som heldigvis kom umiddelbart for å anklage meg utan ein gong å gidde å finne ut om det gjekk bra.

Etter at eg hadde venta i tre timar i minusgrader og snøvêr på bergingsbil, og deretter brukt endå ein time på ei ganske krevjande bergingsaksjon for å få bilen min nokolunde skadefri opp frå grøfta (omfanget av skadane er enno ikkje kjent), måtte eg rett og slett få skrive frustrasjonen ut av meg og setje meg ned for å formulere dette brevet.

Eg ønskjer alle eit sunt, fredeleg og trygt nytt år. Køyr varsamt og ta vare på kvarandre.

Saltebilen sklei av vegen: – Klink is

Glatt føre skapte trafikkuhell på Jølstravegen

Flybussen kom seg ikkje opp: Passasjerane måtte gå

🏷️ Extracted Entities (2)

Bygstad (place) Jølstravegen (entity)