I år er kjøttlagera uvanleg tomme etter rekordstor nedgang i fjor
I fjor starta året med den 3. største mengda kjøtt på reguleringslager på 25 år. I år er det motsett og lagera er uvanleg tomme. Det kan få følgjer.
(Nationen): Berre to tidlegare år sidan tusenårsskiftet har det vore meir kjøtt på reguleringslager ved starten på året enn det var i fjor.
I år er situasjonen snudd på hovudet. Det viser tal frå Norsk egg- og kjøttråvare (NOEK), tidlegare kjent som Nortura totalmarked, som har ansvaret for å regulere marknaden.
Rekordstor nedgang
Ved inngangen til 2026 er det totalt 916 tonn kjøtt på reguleringslager, ned frå over 7500 tonn året før.
Berre fire gonger sidan tusenårsskiftet har året starta med mindre kjøtt på lager totalt sett enn i år.
Nedgangen i kjøtt på reguleringslager det siste året er den største som er registrert sidan tusenårsskiftet.
Fallet i lagra mengde er på nær 6600 tonn målt mot same tid i fjor.
Nedgangen er over 1600 tonn større enn etter utbrotet av koronapandemien, som har vore største nedgang fram til nå.
Dei fire siste åra skilt seg ut med først den største lageroppbygginga på over 25 år, før dei to siste åra har resultert i den største lagertømminga som er registrert.
Nedgangen i kjøttlagra dei siste åra kjem først og fremst av at lagra av storfe og svin er tømde.
Det som framleis er igjen på reguleringslagra er kjøtt frå sauer. Der har lagra auka med nær 100 tonn det siste året.
Halvparten av sauekjøttet på lager står nå i fare for å gå ut på dato. Det fører til eit ekstraordinært priskutt på inntil 25 prosent. Rabatten kostar mange millionar kroner, ei rekning som alle sauebønder må spleise på.
Smartembed for https://www.nettavisen.no/api/graff/v1/component/enkel-poll?id=73772
– Positivt
Mengda kjøtt på reguleringslager kan få konsekvensar på mange vis.
Dess meir som må lagrast, dess større blir oftast kostnadene for bønder, som betalar for både prisfall og lagerkostnader gjennom omsetningsavgift. Store mengder kjøtt på lager kan også føre til prispress og endå til fall i prisane bøndene får for dyra.
– Tren hver dag. Spis i takt med årstiden. Og lær deg selvdisiplin
Tomme lager kan på andre sida føre til nedsett toll og meir import om produksjonen av kjøtt her i landet ikkje er stor nok til å dekke etterspørselen. Dermed kan det òg bli litt mindre norsk kjøtt, og litt meir importert kjøtt, i butikkane.
Norsk egg- og kjøttråvare (NOEK) ser lyst på at reguleringslagera nå er tommare enn på lenge.
– Ofte har det vore meir kjøtt på reguleringslager totalt sett enn det er nå. Betre balanse i marknaden er positivt, seier Ole Nikolai Skulberg, assisterande direktør i NOEK.
Sitat - Skulberg om marknadsbalansen
– Kjøttlagra er langt mindre enn på same tid i fjor?
– Ja, 2025 var eit bra år og det er nå stort sett bra balanse. 2026 ser ut til å bli eit bra år det òg, seier Skulberg.
I kva grad marknadssituasjonen vil føre til betre økonomi for bønder framover vil ikkje Skulberg uttale seg så mykje om. Han stadfestar at mindre kjøtt på reguleringslager fører til lågare kostnader og med det ofte lågare omsetningsavgift for bønder, i tillegg til at god marknadsbalanse gir rom for å auke prisane.
– God balanse
Etter at reguleringslagra med svine- og storfekjøtt blei tømde utover våren i fjor har tollen vore nedsett eller fjerna i lengre periodar for å supplere marknaden med importert kjøtt.
Utover hausten har derimot tilgangen på ferskt kjøtt frå storfe og svin tatt seg opp.
I skrivande stund har det ikkje vore nedsett toll på svin sidan slutten på november.
Tollkuttet på storfe, som gjekk ut 5. januar, har førebels heller ikkje blitt fornya ifølgje oversikta frå Landbruksdirektoratet.
– Kan etterspørselen dekkast med norske varer utover vinteren?
– Prognosane viser at det er god balanse året under eitt. Det er normalt med litt lite storfe i starten på året og det også importkvotar som kan brukast. Jamt over er det god marknadsdekning, seier Skulberg.
– Det blir ikkje behov for import utover kvotane?
– Det er for tidleg å seie kva året vil by på, men prognosane vi har til nå viser at behovet i hovudsak vil bli dekt, seier Skulberg.