Herold

– Eg er bekymra for kulturlivet i Surnadal

Kilde: TK Author: Jo Inge Nes, utflytta kultur-surnadaling Published: 2026-01-09 06:19:21
– Eg er bekymra for kulturlivet i Surnadal

Det er ein krevjande prosess Surnadal har stått i. Det finnes ingen fasit på korleis ei slik sak som Hyldbakk-saka skal handterast. Når slike saker verkeleg eksploderer, både lokalt og nationalt, er det vanskeleg å være ordførar, komunedirektør, kommunerepresentant, gammal, ung, politi, musikkar, kulturarbeidar og generelt surnadaling. Verst er det for offera, men det er berre dritt for alle.

Kulturbomben: – Synd, men eneste utvei

Støtte

Som utflytta surnadaling har eg sett saka utanfrå, men som kulturarbeidar også frå innsida. Mange av oss «oppe i åra» har gått i oss sjølv. Kva visste vi? Burde vi ha forstått korleis det var?

Eg har treft Hans Hyldbakk fleire gonger, og hørt masser av historiar. Men visste heller ikkje kor ille det var. Så no håpar vi alle at dei som er offer i saka føler vår støtte i kampen for oppreising og anerkjennelse. De har vår aller største sympati og medfølelse for det de har opplevd.

To tankar

Eg håpar at denne innledninga gjer meg ryggdekning for det eg eigentleg ville skriva om. Eg er bekymra for kulturlivet i Surnadal, no når laget Vårsøg skal avgjera si skjebne.

Eg meiner at Surnadal treng ein kulturfestival som det Vårsøghelga har vore. Den har engasjert, skapa kunstnarmøte, frivilligheit, konsertar osv. Det er ingen tvil om at nokre aspekt skal bort frå festivalen. Men det er da ikkje vanskeleg å kutte ut Kleiva, Hyldbakk og ordet Vårsøg. Surnadal er jo meir enn det?

Grunna til at eg faktisk turte å sette beina i dette kvefsebolet, er at eg så at direktøren for Nordmørsmuseea uttala seg at dei ikkje vurderer å foreta seg noko anngåande kleiva. «Vi er eit museum, og vi skal fortelja historia, og driv ikkje med kanselering.»

Eg meiner det er ein tøff uttalelse, og ein av dei første som verkeleg har to tankar i haudet i denne saka (det er jo sjølvsagt fleire, men..).

Må fortsette

Kulturlivet i Surnadal treng sårt den kulturbevegelsen Vårsøghelga har fått til. No er det smalhans med medlemskap i ROBEK og anstrengt økonomi. Kulturkontoret er slanka, og kulturarbeid bli da vanskelegare. Og i slike tider treng vi meir kultur, ikkje mindre. Vi treng å møte naboen på eit arrangement, drive frivillig arbeid saman. Det har vore mykje harde ord, kanskje spesielt i sosiale media, og med eit pressekorps som ikkje akkurat roar gemyttane.

Surnadal treng Anders Larsen, Henning Sommero, konsertar i kulturhuset, Surnadal bilag, Stangvik kyrkje, Kalla Skrøvseth-huset, på Øverlandet og gud veit kor. Stangvikfestivalen treng dykk, Sjøbruksmuseet i Bøfjorden treng dykk, Øye Skule treng dykk, SKUV treng dykk…la no denne tragiske, mørke pletten i Surnadal si historie få eit lite lys med viare.

Lag ein ny festival på dei andre steinane i fundamentet. Så får framtida vise kva det blir av Hans Hyldbakk sitt ettermæle. Kulturlivet i Surnadal må fortsette.

Gode ønsker frå Røros til dykk som driv med kultur i barndomskommunen.

Framsnakking av Surnadal

Et budsjett som setter folk og arbeidsplasser først

Bygging av nytt helsehus er tvingende nødvendig

Jeg slår ikke opp med Vårsøghelga, men jeg håper vi kan utvikle forholdet vårt til å bli litt bedre

🏷️ Extracted Entities (17)

Surnadal (place) Hans Hyldbakk (person) Vårsøghelga (entity) Vårsøg (entity) Anders Larsen (person) Bøfjorden (entity) Henning Sommero (person) Kalla Skrøvseth-huset (organization) Kleiva (entity) Nordmørsmuseea (entity) ROBEK (entity) Røros (entity) SKUV (entity) Sjøbruksmuseet (entity) Stangvik (place) Øverlandet (entity) Øye Skule (person)