Bustadbrann på Vaksdal: – Fem personar kom seg ut
Brannvesenet opplyser at det var full fyr i ein einebustad på Vaksdal natt til fredag.
(BA/VP): Brannen vart meldt natt til fredag klokken 01.11.
– Det har opphalde seg fem personar i huset. Desse er ute, opplyste vaktleder Jostein Steinsland-Hauge ved 110-sentralen.
– Det var full overtenning, flammane stod over taket, sa vaktleiaren til BA.
I 02-tiden opplyste Steinsland-Hauge at det ikkje lenger var synlege flammar, men at det vart jobba med sløkking.
– Det er per no ikkje fare for spreiing til andre bygg. Det er mykje røyk, og folk i området vert bedne om å lukka vindu og dører, melde operasjonsleiar Dan Erik Johannessen i Vest politidistrikt.
Kart: Brannen oppsto i dette området
110-sentralen sende ressursar fra Vaksdal, Bergen, Dale og Samnanger. Det vart også sendt ein ekstra tankbil fraå Osterøy.
Klokka 03.10 konstaterte vaktleiar Steinsland-Hauge at brannen var meld sløkt.
Klokken 03.27 melde operasjonsleiar Johannessen at brannen skal ha oppstått i husets øvre del, på eit kryploft, i tilknytning til pipa.
– Brannen er avgrensa til loft/tak. Brannmannskapa har avslutta på staden.
Politiet har oppretta sak på hendinga.