Nei til detaljhandel på Dalegarden – send inn høyring
LESARINNLEGG: Vaksdal kommune sin arealplan for Dalegarden er no ute på høyring med uttalefrist 20. januar.
Kommunen føreslår her å opne opp for detaljhandel på Dalegarden. Detaljhandel vil sei sal av daglegvarer, utvalsvarer og plasskrevande varer.
Arealbruksgrense for detaljhandel
Det er sett ei grense for kor stort areal som kan nyttast til detaljhandel. Denne er på 3000 m2. Kva vil det sei? Kor stort er eit slikt areal?
Det er t.d. ei halv fotballbane (50m x 60 m= 3000 m2). Vaksdal senter har eit grunnareal på 1350 m2. Kiwi Palmafossen, som er eit einetasjersbygg, har eit grunnareal på totalt 1250 m2. Arealet som er sett av til detaljhande er såleis stort.
Gjeld heile området
Det er viktig å merke seg at heile reguleringsområdet blir føreslått regulert/opna for detaljhandel. Det vil sei at andre tomteeigarar i planområdet kan selge heile eller delar av tomta si til ein daglegvarekjede. Vaksdal kommune kan ikkje hindre det.
Nokon meiner at Vaksdal kommune kan bestemme kva interessentar kommunen vel å selge til. Ja, i første omgang kan ein truleg det. Men Vaksdal kommune kan ikkje leggje føringar for vidaresal av tomter.
Kan bli katastrofe for varehandelen i Gatå
Raudt ser dette som eit trugsmål mot handelsstanden i Gatå. Eit sentrum utan daglegvarebutikkar kan bli resultatet, i alle fall på sikt, og det vil i så fall vere eit stort tap for bygda. Det kan bli langt til butikken for mange, og store daglegvarekjedar driv ikkje med utkøyring av varer.
Kan få ringverknadar for nærbutikkane i kommunen
Coop har uttalt at dei har planar for butikkane på Vaksdal og Stanghelle, men at dei avventar nye investeringar i påvente av utviklinga på Dalegarden.
Dersom det no, eller sidan, kjem daglegvarehandel på Dalegarden, slik ein føreslår å opne opp for, vil det kunne få konsekvensar for nærbutikkane på Vaksdal, Stanghelle og Stamnes også.
Raudt Vaksdal seier eit klårt nei til å opne for detaljhandel på Dalegarden.
Send inn uttalar innan 20. januar
Raudt oppmodar innbyggjarar i kommunen til å sende inn høyringsuttalar mot etablering av detaljhandel på Dalegarden. Ein treng ikkje skrive noko langt brev. Døme på ein slik uttale kan vere:
Eg/me seier nei til at det blir opna for detaljhandel på Dalegarden. (stad, dato, namn).
Dersom du sender denne på e-post, sender du til post@vaksdal kommune.no.
Hugs å skrive dette i emnefeltet til mailen: Plansak 2022001 Detaljregulering Dalegarden.
Dersom du vil sende brev, sender du det til Vaksdal kommune, Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam.
For Raudt Vaksdal,Leif Inge Eide, kommunestyrerepr.