Mange lurer på mykje om den nye arealplanen. No gir Kinn kommune innbyggjarane betre tid
Kinn kommune utvidar høyringsfristen for samfunnsplanen sin arealdel. Årsaka er stor pågang og interesse frå innbyggjarar.
Kinn kommune nærmar seg innspurten med den nye samfunnsplanen sin arealdel. Kort forklart vil ein slik plan leggje føringar for kvar ein får lov til å gjere kva i framtida, innafor Kinn sine grenser. I slike prosessar vil kommunen ha innbyggjarane sine synspunkt i form av høyringsfråsegner, og opprinneleg var 11. januar sett som frist.
No blir han utvida.
Bio Rolf Bjarne Sund – Det er mange som kontaktar oss og som treng svar på ulike spørsmål, før dei kan skrive kva dei meiner om den komande planen. Vi ønskjer at prosessen skal bli så god som mogleg for alle partar, og difor utset vi no høyringsfristen til 18. januar, seier kommunalsjef Rolf Bjarne Sund.
Han innrømmer at det å meine noko om ein så stor og kompleks plan, kan vere krevjande. Difor er det ekstra viktig at folk får den kunnskapen og informasjonen dei treng, for å meine noko i form av innsende fråsegner til kommunen.
Det har allereie kome mange innspel og fråsegner. Og absolutt alle har rett til å seie meininga si, anten ein representerer ein statleg etat eller berre seg sjølv, i kraft av å vere innbyggjar i kommunen.
– Kva med hytta mi?
– Kva spørsmål er det folk er mest opptekne av, og som de får flest fråsegner om?
– Noko som går att, er at folk er usikre på om gamalt planverk og løyva ein har fått gjennom desse, framleis vil gjelde. Eg kan ta eit døme: Du eig ei hytte som er omsøkt og oppført for mange år sidan. Så hamnar hytta di inn i eit LNF-område i den komande, nye arealplanen. Kva betyr dette for deg som hytteeigar, er det fleire som har lurt på, forklarar Sund.
– Og kva er svaret på dette?
– At hytta di sjølvsagt står lovleg, også inn under den nye planen. Men at det kan vere vanskeleg å få løyve til å byggje ei ny ei, like attmed.
Sund oppmodar alle interesserte om å bruke den utvida høyringsfristen og seie si meining. Spørsmål du måtte ha, kan du rette til kommunen si planavdeling.
Ros til stat og fylke
Arbeidet med arealplanen nærmar seg med andre ord innspurten. Sund rosar rolla som Statsforvaltaren har i arbeidet, og som er heilt avgjerande for at kommunen skal kome trygt i mål.
– Statsforvaltaren koordinerer alle høyringsfråsegner som kjem frå ulike statlege organ og etatar. Det er heile 23 stykk som potensielt kan meine noko om planen vår. Statsforvaltaren vurderer også innspela som kjem, og kan konkludere på korvidt innspela er relevante og må takast omsyn til. Hjelpa vi får herfrå, er uvurderleg for oss. Etter planen skal deira arbeid vere ferdig 2. februar.
Men før den tid skal også fylket behandle planen. Fylkesutvalet i Vestland har sett opp eit ekstraordinært møte 14. januar for å gjere sin del av jobben.
– At dei har lagt inn eit ekstramøte for å handtere denne viktige planen for oss, er vi takksame for, seier kommunalsjefen.
Lokalt går arbeidet sin gang, og utvidinga av høyringsfristen tilseier ikkje at ein skal bli særleg forsinka, meiner Sund.
– Når fristane er ute, blir det vår jobb i administrasjonen og sortere og vurdere og leggje alt fram for dei folkevalde i kommunen, avsluttar han.