Nesten 40 frivillige skal i sving: – Vi får ikkje slike arrangement hit så ofte
Sille Tars ser fram til eit storarrangement i Kvinnherad arena.
Laurdag 10. januar er 17 lag klare for å kjempa om å bli regionens beste volleyballag i U19-serien. Men før vi får regionsvinnarar i gute- og jenteklassen, skal det spelast 48 kampar i Kvinnherad arena.
– Vi får ikkje slike arrangement til Kvinnherad så ofte. Vi er veldig glade for at vi får arrangera regionsmeisterskapen, og trur det kjem til å bli skikkeleg stas, seier Sille Tars i IL Trio volleyball.
Trio startar klargjeringa for storinnrykket fredag, og skal halda det gåande heilt til søndag ettermiddag.
– Eg trur vi er rundt 40 frivillige som skal i sving. Vi skal byrja rigginga fredag med å gjera banane og alt klart, og så handlar det om å gjera store og små ting gjennom helga for å prøva å få arrangementet til å bli slik det skal, seier Tars.
Trio stiller sjølv med to lag i regionsmeisterskapen, eit gutelag og eit jentelag. I tillegg til det kjem Strand-Ulv på besøk for å kjempa i jenteklassen. Eit Strand-Ulv som har for vane å gjera det skarpt i regionsmeisterskapa.
Dei er i same gruppe som Trio, så det er duka for eit skikkeleg lokaloppgjer like etter lunsj laurdag.
Slik er fastlegesituasjonen i dag: – Ser veldig fram til at helsehuset skal reisa seg