Framtida til Odda sjukehus
La oss framleis stå saman for Odda sjukehus.
rørnes
Ullensvang kommune har i lengre tid arbeida for å få på plass eit beredskapshus. Det er mange utfordringar som må løysast for å finna ei god plassering til dette. Utfordringar som må løysast er mellom anna naturfare, responstid til S3 bygg (skule, barnehage, industribygg, hotell mm) Eg vonar kommunen finn ei god plassering, slik at naudetane får eit tenleg bygg/område. Det fortener dei. No har det vore mest arbeidd med den gamle sjukeheimen, nabobygget til Odda sjukehus. Det vert framstilt at dette er noko både kommunen og Helse Fonna er godt tent med.
Det er dette eg vil setja søkjeljoset på.
I arbeidet med å leggja tilhøva godt til rette, har kommunen teke i bruk tidlegare lokale til augelegen. Augelegen har fått ny plassering på sjukehuset. Her har kommunen teke areal til det som skal vera drift av sjukehuset, kvifor vart ikkje legevakt etablert nede i helsehuset? Men det er ein farleg veg å gå, å bruka sjukehuset til andre oppgåver enn sjukehus drift og framleis ha ein god sjukehusdrift.
Ved etableringa av beredskapshuset, skal det som er av sjukehusdrift i den gamle sjukeheimen, flyttast over til sjukehuset. Det er her eg fell av lasset. Korleis skal Helse Fonna klare å halde oppe den sjukehusdrifta dei har hatt, med den reduksjonen av tilgjengeleg areal? Slik eg tolkar dette, så går det ikkje, så dei vil redusere i drifta. Har ikkje rådmannen, ordførar og politikarane med Terje Kolbotn i spissen fått med seg dette? Dei har kjempa i så mange år for å få halda på sjukehuset, er det gløymt no? Det er kommunen og innbyggjarane som har vore vaktbikkja overfor Helse Fonna. Kanskje det er det manglande tilbodet på høyrselskontroll som gjer det, dei høyrer kanskje ikkje kva Helse Fonna seiar, eller vil med Odda sjukehus.
Eg er diverre ein flittig brukar av sjukehus, både Odda-, Haugesund- og Haukeland sjukehus. Eg ser med gru på redusert drift på Odda sjukehus. Det har vore utruleg godt å ha så kort køyreveg til sjukehuset. Der vert ein godt motteken. Og får god hjelp. Sjølv med dagens sjukehusareal, har eg opplevd å bli plassert på eit kontor. Eg var nøgd med det, eg viste at eg hadde hjelp i nærleiken. Det var mykje betre enn å liggja i korridoren på Haugesund sjukehus! Ja, Helse Fonna seier dei skal ikkje redusera, men kva er det dei gjer. Helsepersonell og arealstorleik må vera på plass, om ein skal kunne gje eit godt helsetilbod. Dei har fantastiske medarbeidar som hjelper til så langt dei kan, og sender pasientane trygt vidare til dei store sjukehusa om det er naudsynt. Men ein redusert drift, mindre areal til sjukehusdrifta, vil det sei meir transport til Haugesund sjukehus. 2–3 timar, med opptil 1 time til Odda sjukehus. Er ambulansestasjonen oppgradert til dette? Eller må det ein ny utbygging til når det er trong for fleire ambulansar? Kanskje det hadde vore ein idé at dei sentralt i Helse Fonna som har ansvaret for Odda sjukehus, fekk ein tur i ambulanse Odda – Haugesund. Dei må ta med seg i sine vurderingar at vegen kan vera stengt og at dei som skal nytta ambulansen har dårlegare helse enn dei.
La oss framleis stå saman for Odda sjukehus. Eg vonar at administrasjonen og politikarane i Ullensvang kommune framleis kjempar for god sjukehusdrift for vårt distrikt, slik dei har synt at dei kan gjera. At Helse Fonna tek vare på sine medarbeidarar og pasientar. Hugs helsepersonell er mangelvare.
Eg har trua og vonar eg får rett.