Kastar korta etter eit år i uvisse: – Eg gir opp
Sjølv om restauranten gjekk godt, må Manjit Singh sette kroken på døra i Kopervik. Han meiner lange ventetider hos UDI tek knekken på drifta. UDI fortel om omfattande juks med papir i bransjen.
NÆRINGSLIV: – Det er veldig trist å måtte seie det, men den norske staten hjelper ikkje til med å halde bedrifter i gang.
Det seier Manjit Singh, dagleg leiar i India Gate, kjeda som driv restaurantar blant anna i Haugesund og Kopervik.
Restauranten i sistnemnde by stengde midlertidig 1. desember i fjor.
– Me manglar kokkar. Det er veldig stressande. Me ser ikkje lyst på framtida, medgir Singh.
Nå har Singh bestemt seg for å stenge restauranten permanent.
– Eg har ikkje personale, så eg gir opp, seier han.
Har kokkar, men …
Paradoksalt nok finst det mange kokkar som vil jobba hos India Gate.
Problemet er berre at dei ikkje bur i Noreg.
– Eg har seks søknadar inne hos UDI nå. Dei bruker altfor lang tid. Dyktige folk ventar i månadsvis i India, utan å få svar, fortel Singh.
Restauranten i Kopervik opna i november 2024.
– Kokkane me søkte om då, har framleis ikkje fått svar frå UDI. Når eg tar kontakt med dei, er svaret berre at dette tar lang tid. Snart har det gått meir enn eit år, men ingen av dei er ferdigbehandla, fortel Singh.
Mister folka
Det er ikkje berre Singh som blir utolmodig.
– Når det går så lang tid, får kokkane tilbod frå andre land, og seier «ha det» til oss, fordi dei ikkje kan vente så lenge.
Dermed blir India Gate nøydde til å starte prosessen på ny.
– Men finst der ikkje kokkar i Noreg som du kan tilsette?
– Nei, indisk mat ein kunst. Hadde det vore så lett, hadde me gjort det for lenge sidan, svarer han.
Går på helsa laus
Mangelen på kokkar fører til stor belastning på både leiinga og dei tilsette.
– Tilsette har gått mange månadar utan at dei har fått fri. Eg har sjølv stått på kjøkkenet med prolaps og vondt i ryggen, for å kunne gi dei fri, medgir Singh.
Singh fortel at han har sendt brev til UDI og forsøkt å forklare situasjonen.
– Dette er berre stress. Eg får ikkje sove om nettene, fordi eg ligg og lurer på kva som skal skje vidare, medgir han.
Gir store tap
– Korleis rammar dette økonomien i drifta dykkar?
– Me har ikkje rekna nøyaktig på det, men me går sjølvsagt med mykje tap. Husleige og andre utgifter stoppar ikkje opp, sjølv om me held stengt, svarer han.
India Gate hadde òg restaurantar på Stord og i Os.
Førstnemnde måtte seljast med tap.
Sistnemnde opna aldri.
Totalt anslår Singh ei tapt omsetning på rundt 1,5 millionar kroner.
Mister livsverket
I Kopervik har fleire kundar reagert på stenginga.
– Me får stadig telefonar frå folk som vil bestille bord, og mange har vore interessert i å arrangere julebord hos oss. Men det blir sjølvsagt ikkje noko av, seier han.
Situasjonen skaper frustrasjon.
– Me har jobba i 15 år med å komme opp på eit nivå der me kunne utvikle selskapet vidare. Nå har me mista tre restaurantar på under eit år, medgir Singh.
Får falske papir
Haugesunds Avis har sendt e-post til UDI og lagt fram påstanden om at staten ikkje hjelper bedrifter, og blant anna stilt følgande spørsmål:
– I kva grad tar UDI omsyn til bedrifter si overlevingsevne når dokker prioriterer saker?
Det spørsmålet svarer ikkje Maria Rosenblad på.
Ho er einingsleiar for opphald i UDI og svarer på generelt grunnlag.
Rosenblad innleiar med at UDI behandlar dei aller fleste søknadar om faglært løyve innan to månadar.
– Men når det gjeld søknadar ein del typar saker innan yrkesfagleg nivå, er det ekstra utfordringar, skriv ho i e-posten til Haugesunds Avis.
UDI mottar mange søknadar.
Å kontrollere utdanningsdokumenta er er utfordrande.
– Me har avdekka aukande bruk av falske utdanningsdokument om opphaldsløyve som faglært på yrkesfagleg nivå, blant anna i søknadar frå indiske kokkar, fortel ho.
Derfor må dokumenta undersøkast nærare i ein del tilfelle.
– Dette arbeidet kan vere tidkrevjande, medgir ho.
Forstår frustrasjonen
For å få opphaldsløyve må søkarane ha faglært kompetanse, som blir dokumentert.
– Fagutdanninga må tilsvare norsk vidaregåande skule, eller høgare, skriv einingsleiaren.
At det kan vere krevjande å vente på svar for både søkarar og restauranteigarar, forstår UDI.
– Men oppgåva vår er å sikre korrekt saksbehandling og at me får inn riktig faglært arbeidskraft til Noreg. Det er viktig at kokkane som kjem, faktisk har den utdanninga dei hevdar, skriv Rosenblad.
Ifølge UDI har mange av søkarane ein bachelor i Hotel Management.
– Den utdanninga inneheld ikkje nødvendigvis så mange kokkefag, dermed får desse søkarane avslag, skriv ho.
Rosenblad opplyser at søkarane kan be UDI om å prioritere sakene.
– Då vurderer me det. Viss me uansett må gjere ekstra undersøkingar, er det ikkje sikkert at saka kan handsamast fortare likevel.
– Veldig dårleg
Då avisa kontaktar Manjit Singh for andre gong, onsdag denne veka, jobbar han på kjøkkenet.
– Eg jobbar til vanleg på kontoret, men nå må eg trå til her for å kunne gi folk fri, seier han.
Den daglege leiaren reagerer på at useriøse aktørar øydelegg for bransjen.
– Det er veldig dårleg. Likevel meiner eg at det ventetida blir over eitt år, så er det mykje, seier han.
–Kva gjer du for å sikre at søkarane hos deg har rett utdanning?
– Me hentar folk gjennom eit velorganisert selskap i New Delhi. Dei har kontaktar over heile India og garanterer at folk har utdanning, svarer han, som er heilt sikker på at søkarane til India Gate har papira i orden.
Etter Singhs syn er utdanningskrava staten stiller, for strenge.
Han meiner at lang erfaring kan vege opp for utdanning.
Selger restauranter: – Vi må drive mer fornuftig
Åpner ny restaurant: – Kundegrunnlaget er stort