Trøystande ord i det nye året
SKRÅBLIKK av Jan Per Styve.
Det som ikkje skjer, kan vere like viktig som det som skjer
Det som er gjort — er viktigare enn det som ikkje er gjort
Halvgjort arbeid er også arbeid
Etterpåklokskap er betre enn ingen klokskap
Det kunne vore verre – men det kunne også vore betre
Når alt håp er ute, gjeld det å ikkje sitje inne
Eit steg attende når du går i feil retning, er eit steg i rett retning
Dobbeltmoral er betre enn ingen moral
Enten går det over, eller så blir det verre
Gle deg på førehand — då kan du få dobbel glede
Gi opp i dag – i morgon kan det vere for seint
Du kan gjerne vere einig med kona, men då tar de feil begge to
På deg sjølv kjenner du ingen andre
Du har ikkje prøvt alt sjølv om du har prøvt tre gongar
Bensinen er alltid billigast når du nett har fylt tanken
Ikkje alt som tel kan teljast – og ikkje alt som kan teljast tel
Den siste dråpen har ikkje all skuld for at det renn over
I politikken er alt mogeleg – i alle fall før valet
Det er ikkje nok å stå opp om morgonen, du må vakne også
Det er aldri for seint å lære noko nytt – så du kan gjerne vente til neste år
Pass deg når nokon seier at de er i same båt — det betyr at han vil styre mens du må ro
Den som ler sist er oftast den som har forstått minst
Du finn alltid det du leitar etter på den siste plassen du leitar
Den enklaste måten å sikre at du blir skikkeleg gamal – er å ta tida til hjelp
Når det er på tide, er det ofte for seint
Dette året skal du vere deg sjølv, og håpe at det er nok
Om du meiner du har lest noko av dette før, så er hugsen din brukbar. Den hugsar seks år attende. Hugsar du ingenting, så har du ledig kapasitet til å hugse mykje i 2026.
Godt nytt år!
janperstyve@gmail.com