Måtte ut på den store klemmerunden: – Eg er heilt mållaus
Å bli utnemnd som æresmedlem er ikkje daglegdags, men Elna Helene Bjørndal (80) har ingen planar om kvile på laurbæra. Ho kjem til å stille opp på treningane så lenge ho berre kan.
– Eg er heilt mållaus.
Å sette ord på følelsar er ikkje heilt lett. Særleg ikkje når ting kjem brått på. Det var det Elna Bjørndal fekk kjenne midt under ei treningsøkt denne veka.
I den eine augneblinken var ho djupt fokusert i treninga si inne på Meland Aktiv. Dei vekentlege øktene med Dametrimmen i idrettslaget Kvernbit har ho vore med på heilt sidan ho starta tilbodet saman med Jorunn Brakstad for 55 år sida.
Gjennom åra har tilbodet sørga for at treningsivrige damer har komme seg i form og halde fram, mellom anna med ballspel, svømming, aerobic og CrossFit.
Tysdag kveld er Bjørndal og resten av trimgruppa midt inne i ei økt med tabata. Plutseleg går døra til trimrommet opp og inn kjem det ein stor delegasjon frå Kvernbit.
Dei er på plass for å overrekke henne eit æresmedlemskap i idrettslaget.
– Viktig å få til
– Dette er ei stor utmerking, og du er i godt selskap om å få denne heideren.
Leiar i hovudstyret, Torfinn Losnedahl, overrakte beviset som gjer Bjørndal til æresmedlem i idrettslaget. Av dei mange tusen som har vore medlem av Kvernbit gjennom åra, er det berre tolv andre som har fått den same utmerkinga tidlegare.
Bjørndal sjølv må ut på ein klemmerunde for å takke dei som er på plass for å heidre henne.. Det er representantar frå det øvste styret i Kvernbit og undergrupper i idrettslaget som er på plass for å gi henne heideren.
Hos Kvernbit er dei glade for alle bidraga ho har gjort for å heve folkehelsa til unge og gamle i Holsnøy-området.
Det var ingen tvil om at den spreke 80-åringen skulle få utmerkinga då forslaget om det kom.
– Vi meinte det var viktig å få til. Utdelinga her er gjort etter eit vedtak i hovudstyret, fortel Losnedahl.
– Eit forbilde
For mange er det nye æresmedlemmen i Kvernbit eit kjent fjes. I mange år var ho lærar ved Meland ungdomsskule, mellom anna i kroppsøving, og ho sat fleire periodar i kommunestyret.
I idrettslaget har ho i fleire generasjonar vore ein markant skikkelse. Dametrimmen som Bjørndal var med å starte opp er framleis ein sentral del av tilbodet hos turngruppa i Kvernbit.
Framleis møter 80-åringen til trimøktene, som går to kveldar i veka. Som regel er ho å finne med treningsmatta si på sin faste plass inn mot midten av rommet.
Ei som er glad for at det er eit nytt æresmedlem i Kvernbit er Lisbeth Sjursen. Ho hadde sjølv Bjørndal som lærar på Meland ungdomsskule, og kom med i dametrimmen ein gong på 1980-talet.
Sjursen heldt ein kort tale under utdelinga av æresmedlemskapet. Ho gratulerer den gamle læraren sin med den store heideren, og nemner at ho berre var få dagar unna å bli 80 år.
– Du er eit stort forbilde, slår Sjursen fast om alt det Bjørndal har fått til.
Gir seg ikkje
Det er ikkje berre trimgruppa i Kvernbit som har nytt godt av Bjørndal i alle dei åra ho har vore medlem. Ho har vore med å organisere idrettsmerket på Fossemyra, og tok sjølv merket årleg i 50 år.
Sjølv om ho no er eit æresmedlemskap rikare, ser Bjørndal ingen grunn til å gi seg i idrettslaget. Trening og det å halde seg i form vil alltid vere viktig for henne.
– Dette er veldig kjekt. Og det må jo vere lov til å fortsette med dette også når ein har blitt 80 år?
Ein ting kan ho i alle fall kose seg med i åra som kjem. Som æresmedlem slepp ho framover medlemskontingenten i Kvernbit — det blir gratis trening i åra som kjem.
Æresmedlem etter langt liv i kor
Tommy utnemnt som æresmedlem: – Det er ei stor ære
Visekunstnar frå Hundvin utnemnt til æresmedlem