Hus brann ned
Brannmannskap rykka torsdag føremiddag ut til området Heggebotnen/Blomdalen ved Bruvik, etter melding om brann i ein bygning.
Brannmannskap frå Vaksdal kommune, i tillegg til mannskap frå Osterøy, vart sendt i retning staden, opplyser 110-sentralen.
- Det er komme avstandsmeldingar om at ein bygning står i full fyr i området Blomdalsvegen/Heggebotnen. Førebels veit me ikkje sikkert meir om situasjonen. Dei første brannmannskapa er venta å komma fram rundt 09.45. Det er sendt ei rekkje brannbilar mot staden, fekk VP opplyst ved 110-sentralen.
Den første meldinga om brannen kom klokka 09.09.
I Vaksdal kommune
Området meldinga kom frå, ligg rett ovanfor fjorden for Stanghelle. Men brannmannskapa må ta seg fram via Osterøybrua til Bruvik. Dette området ligg i Vaksdal kommune.
110-sentralen opplyser at huset er nedbrent.
Politiet melder at ein har snakka med huseigar, og at det ikkje var folk i huset. BA får frå politiet opplyst at det er ein familie på fire som bur i huset. I eit fjøs like ved, skal det ha vore sauer. Ein periode skal det ha vore fare for spreiing til fjøset.
- Sauene skal ha det greitt. Førebels er det for tidleg å seia noko om årsaka til at det starta å brenna, seier politiet til BA.
Rykka ut
Brede Tjønneland i Vaksdal brannvern opplyser til VP at han og tankbilen frå Dale var på veg.
- Då me var komme til Bruvik fekk me beskjed om å snu, for då hadde brannmannskapa som kom først kontroll på situasjon. Bustaden var heilt nedbrent då brannmannskapa kom fram, fortel Tjønneland.