Dei grendene i Vik som blir ramma, vil aldri bli dei same gode å bu i dersom NVE ikkje seier nei
Høyringsuttale frå Raudt Sogn og Fjordane – om kraftlinjer i Vik.
Raudt Sogn og Fjordane har blitt gjort kjend med diverse konsesjonssøknader i Vik kommune – sjå bl.a. NVE sitt høyringsbrev datert 27.10.25, gjennom å vere til stades på folkemøte 3.12.25 og ved følgje kommunal behandling.
Vi stiller oss bak dei folkelege kreftene i Vik som arbeider for løysingar som er betre utifrå frå miljø- og naturomsyn enn dei løysingane som kraft-/nettselskap føretrekker.
Det betyr at Raudt Sogn og Fjordane meiner:
• At NVE må avvise Sygnir når nettselskapet har søkt om å overta Statnett sine linjer for 300 kV. Vi såg (og ser) av illustrasjonar at både miljø, natur, landbruk og bumiljø blir så sterkt skadelidande at Sygnir må få eit klart nei til dette.
• At alternativet jordkabel må veljast der det tidlegare også har blitt vedteke kommunalt som det beste alternativet. Det er ei brei folkeleg rørsle lokalt som har gått mot kraftkapitalen og som fortener vår støtte. Dei grendene i Vik som blir ramma, vil aldri bli dei same gode å bu i dersom NVE ikkje avviser konsesjonssøknadane.