Går av som dagleg leiar i Tersan Havyard
Styret i Tersan Havyard og dagleg leiar Sveinung Vestbø har blitt einige om å avslutte arbeidsforholdet frå 8. januar. Det skriv dei i ei pressemelding.
Ifølge pressemeldinga er dei blitt einige om denne avgjerda etter ein samla vurdering av selskapets vidare behov og retning.
Styret har beslutta å konstituere Tor Leif Mongstad som administrerande direktør. Samtidig set dei i gang arbeidet med å rekruttere ein permanent dagleg leiar så rask som mogleg for å sikre kontinuitet og vidare utvikling av verksemda.
Firda kjem tilbake med meir.
🏷️ Extracted Entities (3)
Styret i Tersan Havyard
(organization)
Sveinung Vestbø
(person)
Tor Leif Mongstad
(person)