Kaldaste morgon så langt. Slik ser vêrmeldinga ut no
Torsdag morgon vart det kaldaste morgonen så langt denne vinteren, då målestasjonen ved Vossevangen viste -20,1 grader mellom klokka 07 og 08 på morgonen.
Gjennomsnittleg har det vore eit kaldt døger, då den varmaste temperaturen vart målt til -16,2 grader onsdag ettermiddag.
Ved målestasjonen på Vinje vart det denne morgonen målt -23,1 grader, medan det på Evanger vart målt til -15,7 grader og på Svelgane -19,5 grader.
Ut i frå vêrmeldinga ser det ut for at torsdagen vert mogleg den kaldaste dagen denne veka.
Vêrmelding Voss
🏷️ Extracted Entities (2)
Vossevangen
(entity)
Vêrmelding Voss
(person)