Gildskap?
Underteikna har ved minst tre høve i året som me har lagt bak oss reist spørsmålet om gildskap i saka kring Bømoen. Statsforvaltaren i Vestland har konkludert med at Hans Erik Ringkjøb er gild etter lovlegklage.
I ein straumpost frå Statsforvaltaren til underteikna, dagsett 8. desember 2025, heiter det:
«Statsforvaltaren har vurdert saka ut frå dei opplysningane som fanst, og som ligg på sak 25/13730. Vi har ikkje gått gjennom kommunen sitt arkiv.»
Den enkelte sakshandsamar, har plikt til å vurdere eigen habilitet og dokumentere vurderinga skriftleg. Heradet som organ, pliktar å sikre at gildskapsvurderinga vert gjennomført, arkivert og gjort etterprøvbar. Statsforvaltaren, har plikt til å kontrollere og overprøve kommunen si vurdering, men har her sjølv stadfesta i dette tilfellet, at dei ikkje har gått inn i arkivmaterialet.
I arkivet til Voss kommune/herad, er det, eller skal vera straumpostar, møtereferat, signerte avtalar og innhald som kan dokumentera korleis vedkommande har vore involvert over tid. Utan å hente fram og vurdere dette materialet, kan ingen habilitetsvurdering vere fullgod eller reell.
Poenget er, kring gildskap, at den det gjeld sjølv har eit ansvar. Voss herad ber eit ansvar, dei må dokumentere habilitetsvurderinga og vise at både absolutte og skjønnsmessige grunnlag er vurderte.
Om ein er gild eller ikkje er ein del sjølve grunnmuren for den tilliten som gjer at innbyggjarane kan stole på kommunen sine avgjerder. Utan den fell legitimiteten bort, og det offentlege mister mykje av den autoriteten som demokratiet byggjer på. Difor kan ikkje spørsmålet kring gildskap reduserast til eit munnleg løfte eller ei uformell forsikring frå den som tek del i avgjersla.
Kravet er klårt, vurderinga skal dokumenterast skriftleg, vere open for innsyn og kunne etterprøvast av andre. Berre slik kan prosessen stå fram som korrekt og truverdig. Dei skriftlege spora gjer at ibuarane kan kontrollere, kritisk vurdere, og eventuelt utfordre avgjerda – ein føresetnad for demokratisk ansvarleggjering. Det er saka.
Bømosaka. Gild eller ugild? Gildskap, i saker knytt til Bømoen?
Den vanskelege gildskapen?