Fjaler er skattelotteriets «vinnarkommune»
I vestlandskommunen Fjaler får meir enn kvar femte mellom 20 og 35 arbeidsfrådraget for unge, viser tal Altinget har fått av Finansdepartementet.
100.000 menneske på mellom 20 og 35, rundt 8 prosent av utvalet, er tilfeldig utvalde til å bidra i eit statleg forskingsprosjekt der dei får frådrag i arbeidsinntekta over ein femårsperiode. Målet er å sjå om unge i gruppa blir motiverte til å jobbe meir, ifølgje finansminister Jens Stoltenberg (Ap).
23 prosent av dei aktuelle i Fjaler er valde ut. Det betyr at 118 personar har fått frådraget i denne kommunen, og ingen stader er andelen høgare, skriv Altinget.
Ordninga kan få positive ringverknader, trur Fjaler-ordførar Leif Jarle Espedal (Ap), som oppmodar dei som har fått frådraget, til å «stå på og jobbe».
– Eg ønskjer jo at fleire unge skal komme seg ut i arbeidslivet, og sånn sett tenkjer eg at dette kan vere ein fin måte å motivere på.
Blant dei minst heldige er Lesja i Gudbrandsdalen, der 20 av 348 er utvalde, skarve 5,8 prosent av det aktuelle utvalet.
Ingrid vann i statens nye skattelotteri: Gevinsten? Null kroner
Camilla (17) og Mirjam (16) er ikkje interessert i nyheiter
2025 var rekordår for både Alti og Elvetorget