Herold

Ferdig som kjøpmann: – Eg følte det var på tide

Kilde: Kvinnheringen Author: Erlend Handeland Tuastad Published: 2026-01-07 23:10:00
Ferdig som kjøpmann: – Eg følte det var på tide

Andreas Berge (35) har valt å ikkje fornya kontrakten sin med Bunnpris Husnes.

Sidan 2021 har Andreas Berge drive Bunnpris Husnes. I år vil han ikkje fornya kontrakten sin med lokalbutikken.

Mellom anna ønsker han å bruka meir tid saman med dottera.

– Ho er snart fire år, så ho byrjar å bli litt irritert over at eg er borte så mykje. Det blir ofte lange dagar når folk er sjuke og ein ikkje har folk til å dekka vakter og så vidare.

Det var Grenda som først omtalte saka.

Pendlar frå Odda

Berge bur sjølv i Odda, og pendlar kvar dag til butikken på Husnes. Det har han ikkje noko imot.

– Nei, det er ikkje noko problem. Du veit, eg har køyrt denne vegen her sidan dei heldt på å byggja den nye biten frå Ænes og vidare innover i begge retningar. Eg brukar litt over ein time, i forhold til to-tre timar éin veg før. Det er ikkje noko problem.

Kvifor har du teke denne avgjerda no?

– Eg følte det var på tide. Eg har halde på med dette ganske lenge no.

Siste året

Tida som kjøpmann på Husnes vil han hugsa som lærerik, men òg krevjande.

– Det er jo mykje ansvar. Personalansvar og å prøva å passa på at vi har varer her i butikken og så vidare.

Kontrakten går ur i løpet av 2026. Kva han skal gjera vidare er enno ikkje heilt sikkert.

– Det står att å sjå, men eg er framleis ønskt i Bunnpris-systemet, så det blir nok sikkert litt rundt omkring, tenkjer eg. Eg har ikkje så veldig mange store planar akkurat no.

🏷️ Extracted Entities (5)

Bunnpris Husnes (person) Andreas Berge (person) Grenda (entity) Odda (entity) Ænes (place)