Herold

Det skal ikkje kosta skjorta å bu i Sogn og Fjordane!

Kilde: Firdaposten Author: Jan Erik Mardal, Distriktsleiar, Huseiernes Landsforbund, avd. Sogn og Fjordane, Sandane Published: 2026-01-07 23:20:46
Det skal ikkje kosta skjorta å bu i Sogn og Fjordane!

Gjennom 2025 har vi i Huseierne verkeleg sett kor sårbare mange heilt vanlege bustadeigarar er. Bukostnadene har bite seg fast på eit høgt nivå. Renter, kommunale avgifter og andre bukostnader tek ein stadig større del av inntekta til hushaldningane. I Sogn og Fjordane merkar mange at kvar ekstra krone til banken eller kommunen svir og at slingringsmonnen i ein vanleg økonomi blir stadig mindre.

I Sogndalviste til dømes tal frå bukostnadsindeksen for 2025 årlege bukostnader på heile 209. 636 kroner for ein einebustad. Dette var ein auke på 7,1 prosent frå året før.

Inn i 2026 ser vi fleire utviklingstrekk som uroar oss. Først og fremst at det enda høgare avgifter på vatn, avlaup, renovasjon og auka skatt på eigedom. Det kjem stadig strengare energi- og klimakrav der kostnaden blir velta over på den enkelte bustadeigar utan gode nok støtteordningar, Vi opplever også hyppigare ekstremvêr som trugar hus, vegar og infrastruktur. Galopperande bukostnader trugar den norske bustadmodellen. Vi i Huseierne vil på vegner av våre 300.000 medlemmar sørge for å bidra til at flest mogleg skal kunne eige sin eigen bustad. Det handlar om å ha økonomisk tryggleik og ei god ramme rundt eige liv som det å eige ein eigen bustad gir.

I 2026og åra som kjem vil vi i Huseierne særleg jobbe for å bremse veksten i kommunale avgifter, og stogge alle forsøk på å innføre ny ekstra skatt på bustad. Vi vil også arbeide for betre konkurranse i bank og forsikring, slik at bustadlånsrenta di kan bli lågare og forsikringane billegare. Vi vil styrkje støtteordningar til ENØK-tiltak, slik at familiar som ønskjer å oppgradere bustaden sin for å spare energi, faktisk har moglegheit til det.

Med ynskje om eit godt og trygt bustadår i 2026!

🔗 Published by 2 sources - Compare:

THIS SOURCE Firdaposten
Det skal ikkje kosta skjorta å bu i Sogn og Fjordane!
Jan Erik Mardal, Distriktsleiar, Huseiernes Landsforbund, avd. Sogn og Fjordane, Sandane · 2026-01-07 23:20:46
Det skal ikkje kosta skjorta å bu i Sogn og Fjordane!
Jan Erik Mardal, distriktsleiar, Huseiernes Landsforbund, avd. Sogn og Fjordane, Sandane · 2026-01-11 12:11:26

📰 Same Event Coverage (1 articles)

These articles appear to cover the same news event, detected by different methods:

🏷️ Extracted Entities (4)

Fjordane (entity) Sogn (entity) Huseierne (entity) ENØK-tiltak (entity)