Herold

Colombias utanriksminister om truslane frå Trump: – Set verdsfreden i fare

Kilde: NRK Author: Silja Björklund Einarsdóttir Published: 2026-01-07 21:55:30
Colombias utanriksminister om truslane frå Trump: – Set verdsfreden i fare

Amerikanske truslar mot Colombia og andre land er dårleg nytt for resten av verda, meiner topp-politikaren.

Saka oppsummert:

  • USA har trua Colombia og fleire andre land etter åtaket mot Venezuela, noko som har skapt sterke reaksjonar frå colombianske styresmakter.
  • Colombias utanriksminister meiner USAs handlingar set både regional og global fred i fare.
  • Colombia fryktar vald frå væpna grupper og førebur seg på ein mogleg flyktningstraum frå Venezuela.
  • Ifølge utanriksministeren bur det rundt 4 millionar colombianarar i Venezuela, som òg kan verta påvirka av situasjonen.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Etter åtaket mot Venezuela i helga har USA allereie rokke å trua fleire andre land.

Eit av dei er nabolandet Colombia.

– Colombia er også svært sjukt, styrt av ein sjuk mann som likar å laga kokain og selja det til USA. Han kjem ikkje til å gjera det særleg lenge, sa president Donald Trump sundag kveld.

Truslane har ikkje falle i god jord hjå politikarane i Colombia.

– Det er uakseptabelt, seier utanriksminister Rosa Yolanda Villavicencio i eit eksklusivt intervju med NRK.

NRK intervjua utanriksminister Rosa Yolanda Villavicencio via Zoom.

Ho meiner Trump har trua landet mellom anna fordi dei har vore kritiske til åtaket og til administrasjonen hans.

– Det set freden på denne halvkula i fare. Det set òg verdsfreden og heile verdas tryggleik i fare, seier utanriksministeren.

Colombias president Gustavo Petro har tidlegare sagt at han er klar til å ty til våpen viss Trump gjer alvor av truslane sine.

– Ekstremt alvorleg

Colombia er eit av fleire land som tidleg bad FNs tryggingsråd om å kalla inn til møte om åtaket mot Venezuela.

Det var viktig for å ikkje «normalisera» åtaket, som utanriksministeren kallar ekstremt alvorleg.

– Sjølvsagt fryktar me at kva som helst kan skje, ein form for aggresjon, fordi avgjerdene til USAs president er ganske uføreseielege, seier Villavicencia.

Cúcuta ligg i Colombia, rett ved grensa til Venezuela. NRK og fleire nordiske medium har valt å halda seg på colombiansk side av grensa på grunn av tryggleik.

Difor har det vore viktig for Colombia å danna alliansar med andre land, seier Villavicencio, og nemner Spania, Chile og Brasil som døme.

Ho vonar at verdssamfunnet tar til motmæle mot handlingane til Trump.

– Me vonar at det internasjonale samfunnet hever stemma si så me kan stoppa denne eskaleringa. Fordi i denne augeblinken er det veldig farleg, seier ho.

Ventar mogleg flyktningstraum

Etter åtaket mot Venezuela har Colombia sendt militæret sitt til grensa.

Innbyggarar i grensebyen Cúcuta seier til NRK at dei aldri har sett like mykje militære i byen før. Det trass i at byen i fleire år har slite med kriminelle gjengar og geriljagrupper.

No er det både tanks og fleire soldatar på grensa.

Årsaka er mellom anna at Colombia fryktar vald frå væpna grupper som vil hemna seg på det amerikanske åtaket mot Venezuela.

Men òg fordi styresmaktene forventar ein mogleg straum av menneske som vil rømma frå Venezuela og uvissa der.

– Det er ein moglegheit me førebur oss på, seier utanriksministeren til NRK.

På grensa mellom Colombia og Venezuela er det no både tanks og soldatar, i tillegg til internasjonale journalistar og vanlege reisande.

Villavicencio peikar på at enn så lenge har fungerande president Delcy Rodríguez styring over militæret. Men det kan fort endra seg viss ho ikkje gjer som USA vil.

– Då kan dei rokka ved stabiliteten. Det kan føra til ei folkevandring, noko me ser som ei moglegheit, seier ho.

Dei siste åra har fleire millionar venezuelanarar forlate landet på jakt etter eit betre liv.

Men denne gongen må colombianske styresmakter òg tenka på ei anna gruppe: colombianarar som bur i Venezuela. Ifølge Villavicencio er det om lag 4 millionar menneske.

Venezuelanske flyktningar

Ifølge FN er det om lag 7,9 millionar venezuelanske flyktningar og emigrantar på verdsbasis.

Det er ein enorm auke frå rundt 700.000 personar i 2015.

Dei aller fleste av desse, om lag 6,9 millionar, bur i Latin-Amerika og Karibia, ifølge paraplyorganisasjonen R4V som jobbar med venezuelanske flyktningar.

– Dei kan òg verta del av denne folkevandringa, seier ho.

Varsla demonstrasjonar

Førebels er det ganske roleg i grensebyen Cúcuta. Fleire enn vanleg kjem over grensa for å handla inn matvarer og andre ting dei treng, men dei fleste reiser heim igjen.

Seinare onsdag er det mogleg at det ikkje vert like roleg, iallfall ikkje i hovudstaden Bogotá.

Det er det varsla ein stor demonstrasjon mot det amerikanske åtaket på Venezuela.

– Eg trur det er ein domino-effekt av det som skjer i andre land, der folk har gått ut i gatene i store mengder for å protestera mot denne aggresjonen, seier Villavicencio.

Onsdag er det venta demonstrasjonar i Bogotá mot det amerikanske åtaket på Venezuela. Men laurdag var det fleire i same by som feira det same åtaket.

Feiring kan straffast

Nokre mil over på venezuelansk side, i byen San Cristóbal, er det òg roleg førebels.

Det er fellesferie og lågare tempo i byen, trass i dei dramatiske hendingane dei siste dagane.

NRK har samarbeida med lokale journalistar for å høyra om kva vanlege venezuelanarar tenker om situasjonen. Fleire vil ikkje seia noko på kamera.

– Du blandar deg inn i ting som eg ikkje kan svara på, seier ein kjøpmann til teamet.

Det er heller ikkje noko openljos feiring i gatene. Ikkje demonstrasjonar heller, for den saks skuld.

Kanskje ikkje så rart. Ifølge Juan Carlos Palcencia har det kome strenge føringar frå styresmaktene:

– Det er eit dekret om unntakstilstand som underforstått seier at den som feirar Maduros avgang eller handlingane til USA, kan verta fengsla eller tiltalt for landsforræderi.

Interessert i kva som skjer i verda? Høyr på utanriksredaksjonens podkast:

🏷️ Extracted Entities (25)

Donald Trump (person) Colombia (entity) Rosa Yolanda Villavicencio (person) USA (entity) Venezuela (entity) Bogotá (entity) Cúcuta (entity) FN (entity) Brasil (entity) Chile (entity) Delcy Rodríguez (person) Gustavo Petro (person) Juan Carlos Palcencia (person) KI-teneste (entity) Karibia (entity) Latin-Amerika (entity) Maduros (entity) NRK. På (organization) OpenAI. Innhaldet (organization) R4V (entity) San Cristóbal (person) Spania (entity) USA. Han (organization) Villavicencia (entity) Zoom (entity)

📊 Metadata

Category: Urix, Venezuela, Colombia, USA, Donald Trump