– Det er betre å byrje tidleg, då er barna ofte meir avslappa
Heile 14 gonger frå midten av januar til byrjinga av mars har alle barn frå tre års alder moglegheit til å delta på to-timars økter med riding eller køyring med hest.
Lisa Haugland opna i fjor vår Kroken aktivitetsstall. Sidan den gong har ho hatt stor pågang av barn både under og over skulealder på dei ulike kursa og tilboda sine. Nå opnar ho opp for drop in-kurs i vinter.
– Grunnen til at eg har sett aldersgrensa så langt ned som tre år er at alle barn har godt av å vera nær dyr. Det er betre å byrje med hest tidleg – då er barna ofte meir avslappa, seier Haugland.
Startar aktivitetsstall i Kroken
Trygge på hest
På dei to-timars kursa som går helger og tysdagar i januar og februar får elevar på alle nivå frå 3 års alder eit opplegg som blir tilpassa kvar enkelt elev. Det vil variere mellom ridebane og tur, og køyring og riding basert på ønske frå fleirtalet som dukkar opp til timane. Alle deltakarane skal stelle og sele på hesten sin. Dette vil dei få opplæring i.
– Det er viktig at barna blir trygge på hest, og blir kjend med dei. Her må dei hente hesten i innhegninga og sale på sjølve. Barna skal lære seg alle aspekt ved det å ha hest, seier Haugland, som tidlegare har starta opp og travskule på Klosterskogen travbane. Den dreiv ho i fire år til koronaen gjorde inntoget sitt.
Ho trefte mannen sin Daniel i travmiljøet og flytta difor til Kroken, og hadde lenge tenkt på starte opp aktivitetstilbod for barn.
– Det er lite aktivitetstilbod for dei under barneskulealder og lite tilbod med hest generelt. Me har alltid hatt hest her, men i april opna me opp aktivitetsstall.
Mange tilbod
– Me er ingen rideskule med eit høgt nivå sprang og dressur, men tilbyr ein basis med riding og køyring. Og du får teste det aller meste du kan bruke hesten til, men me håpar sjølvsagt at somme også har lyst til å satse på ponnitravet og travsporten, seier Haugland.
På Kroken aktivitetsstall blir det tilbydd vinterferieaktivitetar, påske-, sommar- og haustleir, og vår- og haustsemester med ulike kurs og private timar. Og nå også drop in-timar dei neste to månadane.
Fortsatt ingen løsning: – En krevende situasjon
Haugland tek for tida bachelor i pedagogikk og er tilkallingsvikar i barnehagen i Kroken i tillegg til å ha to barn på eitt og tre år.
– Kurs og stallarbeid skjer på kveldstid, konstaterer den driftige travdama.