Herold

Redd Lærdal sjukehus, Vestre!

Kilde: Sogn Avis Author: Trude Klingenberg, Årdal Høgre Published: 2026-01-07 12:49:50
Redd Lærdal sjukehus, Vestre!

Sorry, Vestre. Eg er ikkje den du kan skrive på lista di over fans.

Du kom til Årdal i april 2024, og lova at du skulle gjere det du kunne for Norsun. Ein månad etter besøket ditt stod eg på talarstolen i kommunestyret i Årdal og prøvde å få med meg kommunestyret på eit forslag til ei ny tilråding: «Årdal Kommune sender ein uttale til Stortinget med formannskapsvedtak 049/24 som grunnlag. Norsun er Noreg sitt ansvar – ikkje Årdal åleine».

Årdal Kommune brukte 2,6 millionar kroner av disposisjonsfondet for å bevare dei tilsette ved Norsun. Før året var omme, var det kroken på døra for bedrifta. Kanskje stakk det ikkje hardt hjå deg, Vestre, men det stakk knallhardt for oss i industribygda.

Eg skulle ønske eg hadde gløymt det, men eg er kjend for å hugse godt. Ny ministertittel, ny problemstilling. Lærdal sjukehus. Eg og resten av Årdølene har vore vitne til dei flotte orda dine før. Men eg trur eg snakkar for alle sogningar når me er svært bekymra for tenestetilbodet vårt. Kven tek ansvar? Eg ser jo lett at dette vil du helst ikkje ta i. Men det burde du.

Liv, helse og beredskap. Lærdal sjukehus er viktig i fredstid og ved mobilisering.

Ja, dette burde vere ein tankevekkjar for deg også, Aas- Hansen. Justis og beredskapsminister. Eg gadd ikkje høyre på heile nyttårstalen til Støre, men eg las overskrifta på VG i staden: «Må vere forberedt på at krig kan ramme Norge».

Lærdal sjukehus er beredskap. Eg forventar at det blir ståande slik det står pr. dags dato!

Eg oppmoda ministrane og Statsministeren til å møte og sjå sogningane inn i augo torsdag 8 januar. Hadde eg vore i dine sko Heen, så hadde eg kanskje dratt dei ut av hiet sitt. Du er god med ord, så overbevis dei.

🏷️ Extracted Entities (10)

Vestre (entity) Redd Lærdal (person) Årdal Kommune (organization) Norsun (entity) Aas- Hansen (organization) Heen (entity) Statsministeren (entity) Støre (entity) VG (entity) Årdølene (entity)