Kva med tryggleiken til innbyggjarane i Sogn?
Etter at kommunestyret i september 2025 vart gjort kjent med den alvorlege Þkonomiske situasjonen Helse FÞrde stÄr i og dei drastiske kuttforslaga administrasjonen la fram for styret i Helse FÞrde, har LÊrdal og heile regionen kjent pÄ ei uro og bekymring. Ei uro og bekymring for dei konsekvensane som vil fÞlgje om kuttforslaga vert realiserte.
Tap av kompetansearbeidsplassar, tap av helsepersonell, frÄflytting, rekrutteringsutfordringar, legemangel, konsekvensar for nÊringsliv og samfunnsliv, utryggheit for innbyggjarane i hht pasienttilbod, akuttilbod og lengre og utfordrande (fjell og fjordkryssing) reiseveg for Ä nemne noko.
Ved Ä leggje ned ortopedisk avdeling og ta bort skadepoliklinikken og operasjon ved LÊrdal sjukehus, vil det pÄverka tryggleiken og sikkerheita vÄr. Landbrukskommunen LÊrdal ligg sentralt til med store turistkommunar rundt som Aurland/ FlÄm, Hemsedal og Valdres, og dessutan regionsenteret Sogndal med sine studentar og ein kommune med eit folketal i vekst.
Inst i Sognefjorden ligg industribygda à rdal ein tungvektar innan aluminiumsproduksjon. BÄde à rdal, Luster, LÊrdal og Aurland er rike pÄ kraftresurssar, og me har gode knutepunkt ut av regionen med stamvegen E16 over Filefjell austover, E 16 vestover mot Voss og Bergen, R 52 over Hemsedal, R 55 Sognefjellsvegen, FlÄmsbana og ikkje minst Sognefjorden som ferdselsÄre.
Om sommaren har me turistvegen over Aurlandsfjellet og Ă rdal â TurtagrĂž mot Sognefjellet. Alt dette legg grunnlaget for at me treng eit nĂŠrt sjukehus med alle dei viktige og grunnleggjande funksjonane som det har i dag, for Ă„ tryggje kvardagen og sikre livsgrunnlaget og utvikling i denne viktige regionen, bĂ„de i fredstid og eventuelt i krig.
Eg har no sagt noko om innbyggjarane, ressursane, infrastrukturen i denne regionen som trass i lange avstandar og kronglete vegar og fjellovergangar har klart Ä blitt knytt saman gjennom ein felles bu- og arbeidsregion. Me pendlar pÄ kryss og tvers for Ä halde liv i bygder og grender og sikre utvikling og berekraft.
NÄr me blir presentert for sÄ alvorlege kuttforslag som rÞrer ved denne tryggleiken og sikkerheita vÄr vekkjer det sterke kjensler. No stÄr ein heil region samla for Ä kjempe for det me har og overtyde makta i Oslo at de mÄ stoppe i tide og sikre tryggleiken vÄr.
Me er klar over at Helse FÞrde har store utfordringar knytt til den Þkonomiske situasjonen men me kan ikkje leggje ned for sÄ Ä byggje opp att, dÄ er skaden allereie skjedd og heile regionen har fÄtt ein knekk det vil ta lang tid Ä byggja opp att. LÊrdal sjukehus er eit veldrive sjukehus, med funksjonar som har godt renome og som kan ta unna ventelister og gje trygg og god oppfÞlging.
Her er det tre timar til FÞrde sjukehus for oss pÄ sÞrsida av Sognefjorden og i underkant av to timar til Voss sjukehus. Me forstÄr tanken om sentralisering men det mÄ ikkje gÄ pÄ kostnad av innbyggjarane, og ein mÄ og ha med reiseveg i dei tankane. Lang og krevjande reiseveg kan vere forskjellen pÄ liv eller dÞd.
Som lokalpolitikar i LÊrdal har dette vore ei svÊrt tÞff og krevjande tid. Me er redde og uroa for kva dette vil seie for oss og kommunane rundt oss. LÊrdal sjukehus er sjÞlve berebjelken i kommunen vÄr og ei tryggleik og sikkerheit for kommunane rundt.
Me har krevjande tider i mÞte med strammare kommuneÞkonomi, utfordringar i hht rekruttering av legar og anna helsepersonell, me har satsa stort pÄ barn og unge og har store investeringsprosjekt pÄ gang innan pleie og omsorg. LÊrdal kommune er og i gang med eit flaumsikringsarbeid som krev store ressursar, me merkar og utfordringane innan ulike nÊringar, dyrtid og ei oppgradering av LÊrdalstunnelen som vil fÞre til avgrensa infrastruktur vestover.
Me ber dykk om Ă„ stanse dei fĂžreslegne kutta administrasjonen legg fram for styret i Helse FĂžrde. Skal ein framleis sikre verdiskaping i heile landet treng me sjukehus nĂŠr folk.
- januar 2026 mobiliserer me til aksjon framfor Stortinget. Fleire bussar med sogningar tek turen til hovudstaden for Ä vise dykk pÄ Stortinget kor viktig sjukehuset er for oss.
Eg hÄpar sÄ mange av dykk set av tid til Ä mÞte oss og snakke med oss. Mange er motlause og oppgjevne over sentrale politikarar. Eg har stor tru pÄ at de ser og gjer det de kan for Ä sikre vidare verdiskaping, tryggleik og beredskap for oss som er omgjeven av lange avstandar, fjordar og fjell som dei som bur i meir sentrale strÞk.