No kjem auken i eigedomsskatten
Dette Äret mÄ du punga ut meir i eigedomsskatt i Voss herad.
Denne veka fÄr alle som eig bustad og fritidsbustad i Voss herad melding om kva eigedomsskatten vert i Är. à rsaka er at skattesatsen er auka frÄ 2,1 til 3,1 promille.
â Auken ligg i budsjettet for Voss herad, som vart vedtatt i desember, og vil fĂžra til at eigedomsskatten vil auka med kring 50 prosent i Ă„r, skriv Voss herad pĂ„ sine heimesider.
MĂ„ ha rett grunnlag
For bustader er det formuegrunnlaget som Skatteetaten har sett opp i skattemeldinga, som er den antatte marknadsverdien, som er grunnlaget heradet nyttar for Ă„ rekna ut eigedomsskatten.
â I og med at bustadprisane i Voss herad auker kan det fĂžra til at auken i eigedomsskatt for bustader aukar meir enn kva auken i promillesatsen Ă„leine fĂžrer til. Det er viktig at dersom det er feil i formuegrunnlaget som stĂ„r i skattemeldinga, mĂ„ eigaren kontakta Skattetaten for Ă„ korrigera dette, slik at grunnlaget Voss herad nyttar, er rett.
Skattegrunnlaget for fritidsbustader har heradet sett etter synfaring i 2020, og endrar seg ikkje. Her er det berre skattesatsen som endrar seg frÄ 2,1 til 3,1 promille.
Betaling tre gonger i Äret
Eigedomsskatten vert fakturert saman med kommunale avgifter i tre terminar, og den fyrste fakturaen kjem i slutten av februar.
â Dersom noko har problem med Ă„ betala, er det viktig Ă„ kontakta Ăžkonomiavdelinga i Voss herad for Ă„ fĂ„ utsett betalingsfrist eller oppdeling av fakturane.
Meir informasjon om eigedomsskatt kan ein finna pÄ heimesidene til Voss herad, under Skatt, avgift og faktura, eller ved Ä sÞkja etter eigedomsskatt i sÞkefeltet pÄ framsida.