Herold

– Vil ha store negative konsekvensar, men rasfare veg tyngst

Kilde: HF Author: Gro Heidi Åsen Published: 2026-01-07 15:14:00
– Vil ha store negative konsekvensar, men rasfare veg tyngst

Det vil medføra store negative konsekvensar for miljø, naturmangfald og kulturarv, men kommunedirektøren i Kvinnherad meiner det er eit godt planforslag som ligg føre for ny poll to poll-tunnel.

Kvinnherad kommune fekk oversendt forslaget til reguleringsplan for ny fylkesveg 49 mellom Austrepollen og Nordrepollen i desember. 13. januar kjem forslaget til førstegongsbehandling i plan, teknikk og miljøutvalet.

Kommunedirektøren har etter ei samla vurdering konkludert med å støtta planforslaget, og tilrår at blir sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn.

Det blir peika på at det er tunge interesser vekta mot kvarandre. Forslaget samsvarar delvis med regionale og nasjonale interesser, men stir imot landskapsinteresser, naturinteresser og kulturhistoriske interesser. Planen er også noko i strid med FN sine berekraftsmål, heiter det i saksutgreiinga.

Den avgjerande faktoren er behovet for rassikring mellom Austrepollen og Nordrepollen.

– Trong for skredsikring av ein særs farleg veg er vekta tyngst i vurderingane, heiter det i innstillinga.

Ny tunnelplan er på veg: – Har ikkje råd til at alle skal sitja i kvar si skute og ro

Utfordringar for miljø og kulturarv

Bakgrunnen for prosjektet er dagens Fv 49-strekning mellom Nordrepollen og Austrepollen, som er smal, har dårleg kurvatur og er svært utsett for skred.

Ein ny tunnel på om lag 3,5 kilometer med 7,5 meter vegbreidde er hovudtiltaket. Prosjektet skal finansierast med overskot frå bompengeprosjektet Jondalstunnelen.

Det blir lagt opp til omfattande tiltak i samband med tunellpåhogg som vil medføra vesentlege inngrep på begge sider.

Konsekvensutgreiingane viser «alvorleg miljøskade» og «svært stor konsekvens» for naturmangfaldet på land, inkludert tap av areal i ein av dei svært få lokalitetane av gamal høgstaudegråorskog som finst i kommunen.

Austrepollen har vidare mange registreringar av sjøfugl og raudlista artar. Det er mellom anna nemnt ein hekkeplass for hubro og edellauvskog. Den samla miljøskaden ved prosjektet blir omtala som negativt fleire interesser, også internasjonale, skriv kommunedirektøren.

– Det må etter administrasjonen si vurdering vera tungtvegande og nødvendige omsyn for å utfordra desse interessene. Ein vurderer at skredsikring av vegen mellom Austrepollen og Nordrepollen veg tungt her – tyngre enn omsyn til landskapet, blir det forklart.

For kulturarven er vurderinga samla sett «stor negativ konsekvens». For ei urgrav, Bjødluro/Bjødlura, som Hardanger Folkeblad tidlegare har omtala, blir miljøskaden karakterisert som «svært alvorleg», og funn av steinalderbuplassar er framleis ikkje fullt greidd ut, blir det påpeika.

Arkeologar har gjort interessante funn i Austrepollen – kan påverka tunnelprosjektet

– Etter ei heilskapleg vurdering av alle opplysningar i saka, og vurderingar for og i mot, finn kommunedirektøren at det er eit godt planforslag som ligg føre, skriv kommunedirektøren i konklusjonen.

Vilkår før endeleg handsaming

I tillegg til ny fylkesvegtrase omfattar også planen tiltak som Statkraft og Statnett ønskjer å regulera i Austrepollen.

Kommunedirektøren understrekar at fleire viktige vilkår må vera innfridde før planen kan handsamast for andre gong. I tillegg til nokre mindre justeringar i plandokumenta omfattar det følgjande punkt:

  • Kulturarv: Planmaterialet må oppdaterast med rapport etter arkeologiske registreringar.
  • Erosjonssikring:Føresegnene må presisera behovet for vurderingar kring erosjonssikring av fyllinga til den nye vegen.
  • Tunneltryggleik:Det må presiserast at det vert gjort nødvendige vurderingar kring behov for kameraovervaking/system for hendingsdeteksjon i tunnelen.
  • Trafikantvarsling:Avbøtande tiltak for å varsla trafikantar om redusert fart ved tunnelpåhogget i Austrepollen må takast i vare i føresegnene.
  • Syklistar:Handtering av syklistar i tunnelen må svarast betre ut.
  • Skredfare:Ved betydelege endringar av terrengforhold må skredfarevurderinga reviderast.

Det er tilrådd at planforslaget blir sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn med ein frist på minst seks veker for uttale, slik at råka partar og instansar får høve til å koma med innspel.

Planarbeidet om ny tunnel er i sluttfasen

Denne vegen har vore stengd 85 gonger på tre år

🔗 Published by 2 sources - Compare:

THIS SOURCE HF
– Vil ha store negative konsekvensar, men rasfare veg tyngst
Gro Heidi Åsen · 2026-01-07 15:14:00
Det vil medføra store negative konsekvensar for miljø, naturmangfald og kulturarv, men kommunedirektøren i Kvinnherad meiner det er eit godt planforsl...
– Vil ha store negative konsekvensar, men rasfare veg tyngst
Gro Heidi Åsen · 2026-01-09 08:00:27
Det vil medføra store negative konsekvensar for miljø, naturmangfald og kulturarv, men kommunedirektøren i Kvinnherad meiner det er eit godt planforsl...

📰 Same Event Coverage (1 articles)

These articles appear to cover the same news event, detected by different methods:

🏷️ Extracted Entities (9)

Austrepollen (entity) Nordrepollen (entity) Bjødluro/Bjødlura (entity) FN (entity) Fv (entity) Jondalstunnelen (entity) Kvinnherad (entity) Statkraft (entity) Statnett (entity)