Herold

Svilukt og grå røyk frå sentrumsbygg i Førde

Kilde: Firda Author: Erik Hovland Published: 2026-01-07 14:46:27
Svilukt og grå røyk frå sentrumsbygg i Førde

Pågåande rettssak måtte bli stoppa. Elektrisk apparat ovder ei himling skal ha tatt fyr.

Det blei merka svilukt og sett grå røyk frå kjellaren i Tinghuset, der og Norec held til, i Førde sentrum, onsdag ettermiddag.

– Det er ukjend kor røyken kom ifrå, men det skal ikkje ha blitt observert opne flammar. No er brannvesenet inne i bygget for å sjå kva dei finn, seier innsatsleiar i Sunnfjord-politiet, Sturla Iman, til Firda på staden i 16-tida.

Det blei evakuert fleire titals personar frå bygget då og brannalarmen gjekk. Ei rettssak blei avbrote.

– Vi fekk melding frå politiet om at brannalarmen hadde gått og at folk var begynt å evakuere, seier vaktkommandør, Shahrooz Lahooti i 110 Vest, like etter meldinga.

Brannvesenet fekk tidleg melding om både svilukt og grå røyk frå kjellaren i bygget.

– Brannvesenet på staden melder om litt svilukt, men ikkje så mykje røyk, seier han.

I 17-tida fortel Lahooti at dei har funne årsaka:

– Det har vore branntilløp i noko elektrisk over ei himling. Kvifor veit vi ingenting om, seier han.

Sidan det var i elektronikk over himling tok det noko tid å finne ut kor røyken kom frå, men det var slokke då brannveset kom til.

Det skal ikkje vere skadar av betydeleg omfang, og Lahooti beskriv hendinga som udramatisk.

🏷️ Extracted Entities (7)

Førde (entity) Shahrooz Lahooti (person) Norec (entity) Sturla Iman (person) Sunnfjord-politiet (organization) Tinghuset (entity) Vest (entity)