«For drømmar blir ikkje sanne på en sånn hærre plass»
I staden for ein verdig hyllest av dansk milliardhjelp, vart resultatet ein skamplett i bergensk byutvikling.
Smartembed for https://www.ba.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=141407
Gratulera så mykje med dagen, Danmarks plass. Eg skulle så gjerne ønska at eg kunne seia at «du held deg godt».
Det skulle verta ein internasjonal plaza med allè og folkeliv, eit praktfullt kinobygg i art deco-stil, og eit stadion bygd for verdsrekordar. I staden må me vel vedgå at det veldig lenge har stått ganske dårleg til, utan at nokon har tatt grep.
Det mangla verken på ambisjonar, planar, eller vilje den gongen du vart til.
Det var under opninga av Forum kino i 1946 at ordførar Nils Kristoffer Handal (Ap) røpte namnet. Plassen som på folkemunne hadde hatt namnet Kronstadtorget skulle frå no av heidra våre danske vennar.
Det skapte – som vanleg i Bergen – reaksjonar. Men sjølv dei som protesterte beit det i seg. Når ordføraren først hadde nemnd namnet, kunne det framstå som ei fornærming å gå inn for ein ekte bergensk omkamp.
Å fornærma danskane var det siste ein ville, sjølv om ein kanskje skulle tru det i etterkant.
Då Bergen skulle takka danskane for den enorme livreddande hjelpa under den andre verdskrigen, plukka ein nemleg ut plassen som verkeleg skulle representera framtidstru i Bergen.
Det var òg all grunn til å takka danskane. Sjølv om historia for lengst har gått i gløymeboka, var humanitær hjelp frå Danmark heilt avgjerande for at bergensarar og andre nordmenn kom seg heilberga gjennom krigen.
Medan Danmark, trass tysk okkupasjon, hadde stort overskot av matvarer, stod det verkeleg ille til med sjølvforsyninga og matberedskapen her til lands.
Etter initiativ frå bergenskvinna Borghild Hammerich, som hadde flytta til København, vart det mellom 1942 og 1945 sendt matvarer frå Danmark til Norge for ein verdi av over 40 millionar kroner.
Rekna om til dagens kroneverdi, snakkar me om humanitær hjelp på over 1,1 milliard kroner (!) berre i løpet av dei tre siste krigsåra.
For vanskelegstilte, krigsfangar og skulebarn, i Bergen og andre norske byar, var hjelpa rett og slett livsviktig.
Og Danmarks plass skulle verkeleg verta ein plass som stod i stil med den takken ein ærbødig ønskte å gje danskane.
«Kinoen har gitt hele torget et europeisk preg, og jeg tror det er grunn til å se med optimisme på den videre utviklingen», sa stjernearkitekten Ole Landmark i ein reportasje i Bergens Arbeiderblad før opninga av Forum kino. BA omtalte plassen som «Byens annet sentrum», og hadde vanskeleg for å skjula framtidstrua.
Det var Landmark som før krigen hadde vunne arkitektkonkurransen om utforminga av plassen. Sjølv om det var andre arkitektar som stod for gjennomføringa, var halvparten av bygga som skulle danna eit tydeleg firkanta torg allereie realisert, òg i tråd med Landmark sine visjonar.
På den same sida av Fjøsangerveien vart Krohnsminde idrettsplass opna året etter. Der skulle bergenspublikummet verta servert noko så eksotisk som internasjonal toppidrett, med både overbygd sittetribune, og ein ståtribune som vart omtala som den største i landet.
Danmarks plass varteit vindu mot verda. Medan storfilmen «Øst for Eden» rulla over kinolerretet på Forum, kjempa Hjallis mot Kuppern på sørpeføre på isen på Krohnsminde. I høljeregnet sprang briten Gordon Pirie og ukrainaren Vladimir Kuts den aller raskaste 5000 meteren nokon sinne.
Då den skulle forklara den sensasjonelle verdsrekorden, vart det trekt fram eit – i ettertid – ganske paradoksalt poeng. Det var den reine lufta, som gjorde at det var mogleg å springa så fort på Danmarks plass.
Dette kunne velikkje gå gale?
Joda. Allereie på 60-talet starta murringa. Det var framleis berre den eine sida av Fjøsangerveien som vart modernisert. Då det på den andre sida av vegen vart reist fire dominerande høgblokker, og aldri resten av det firkanta torget, klikka det for ein gammal kjenning.
«Disse nybygg slår alle rekordar i arkitektonisk heslighet» skreiv Ole Landmark i Morgenbladet.
Det var likevelførst og fremst trafikken som skulle verta det verkelege dødsstøyten mot visjonen om å gjera Danmarks plass til eit «harmonisk, monumentalt og representativt» byrom.
På 60-talet pressa behovet til privatbilismen vekk trikken. På 70-, 80-, og 90-talet fekk privatbilismen fritt spelerom. Ved tusenårsskiftet var det på det meste ni køyrefelt over plassen som skulle heidra den humanitære innsatsen til urbane danskar.
Danmarks plass vart sjølve symbolet på feilslått byutvikling, og det vart skrive bindsterke verk om den elendige luftkvaliteten på Danmarks plass.
På starten av 2000-talet stod idrettsplassen til nedfalls og løpebana der Pirie sette verdsrekorden vart fjerna. I 2005 vart det snurra film på Forum for siste gong. Fem år før Bybanen kunne ha fått folk tilbake til Forum, selde kommunen den legendariske kinoen på billegsal.
I januar 2010kunne bergenspressa rapportera om at Danmarks plass hadde den aller dårlegaste luftkvaliteten i Europa.
Berikelse Danmarks plass 1
Det fanst likevel dei som trudde på Danmarks plass. Midt i den mørkaste perioden skapte Gard Haugland og Petter Lidal nytt liv i dei legendariske lokala til Apoteket Bien.
Det gjekk på dunken med Danmarks plass. Som ei trøyst kunne folk i området eta og drikka godt, medan dei galgenhumoristisk kunne harselera over situasjonen.
Også popmusikken omfamna Danmarks plass. «John Olav Nilsen og gjengen» song om å mista kontrollen til rusen, på den kjipe måten, i «Valiumvalsen»:
«Tror det var på Danmarks plass dine øyne ble til glass
For drømmer blir ikkje sanne på en sånn hærre plass
Her e det bare døde biler som smiler i mørket
Kan du høre min sang?»
Det var iallfallingen som ville høyra på dei som drøymde om ein ny vår for Danmarks plass.
Ei stund var det faktisk nokon som prøvde. Då det i 1995 vart presentert framtidsretta urbane visjonar for Bergen, var ei heilt sentral løysing å få biltrafikken vekk frå Danmarks plass.
Etter eit par tiår med ørkenvandring, var det ingen som snakka om planane lenger. For seks år sidan prøvde næringsdrivande, eldsjeler og arkitektar å løfta debatten igjen.
Det var ingen som høyrde deira song heller.
Etter at Bybanen, som kom i 2010, skapte ein liten nedgang i biltrafikken på Danmarks plass, og betra luftkvaliteten, forsvann det meste av engasjementet for å løfta Danmarks plass.
Kanskje er det på tide å søka humanitær hjelp frå Danmark, igjen? Der kan dei iallfall litt av kvart om byutvikling.
Måten Bergen dei siste åtti åra har heidra danskehjelpa på, er uansett til å skjemmast over.
Berikelse Danmarks plass 3