Herold

Sende bekymringsmelding om ukultur i Generasjonspartiet – blei utestengd på livstid

Kilde: NRK Author: Sunniva Skurtveit Published: 2026-01-07 11:49:20 Last updated: 2026-01-07 15:25:06
Sende bekymringsmelding om ukultur i Generasjonspartiet – blei utestengd på livstid

Då fem fylkesleiarar sende ei bekymring om ein veksande ukultur internt i partiet, blei dei møtt med disiplinærsak og utestenging på livstid.

– Eg engasjerte meg for å utfordre den politiske eliten. I staden opplever eg at prosjektet berre har enda med å reprodusere han.

Det seier Kevin Laursen til NRK. Han er ein av dei fem fylkesleiarane som no har blitt ekskludert frå Generasjonspartiet etter at dei sende ei bekymringsmelding til leiinga.

– Det har den siste tida utvikla seg særleg mykje uro i partiet.

Det skreiv dei fem i bekymringsmeldinga sendt til Gyda Oddekalv og resten av leiinga i partiet 28. desember.

Fylkesleiarane beskriv ein ukultur og at partiet er det motsette av det Generasjonspartiet lova å vere.

Nina Mannsverk var fylkesleiar i Finnmark fram til ho blei ekskludert frå Generasjonspartiet på livstid.

– Dette er ikkje i tråd med «folket først, folket skal fram». Når du går ut og lover noko må det vere hald i det du seier og det må visast gjennom handlingane dine.

Det seier Nina Mannsverk, tidlegare fylkesleiar i Finnmark, til NRK. Ho er også er ei av dei som er utestengd.

For berre åtte dagar seinare, 5. januar, fekk dei fem fylkesleiarane beskjed om at dei er utestengd frå Generasjonspartiet på livstid.

Det bekreftar alle dei fem til NRK. Tre av dei ønsker å vere anonyme.

Svarte med å opprette disiplinærsak

Seinare same dag som bekymringsmeldinga blei sendt fekk avsendarane eit varsel frå leiinga i partiet at det hadde blitt oppretta disiplinærsak mot kvar enkelt av dei.

NRK har lese varselet om disiplinærsak som trass i å vere motteke 28. desember, er datert til dagen før.

Bakgrunnen for disiplinærsakene er ei samla vurdering av hendingar og handlingar over tid, står det i varselet.

Det skal vere forhold knytt til «organisering, samhandling og handtering av interne prosessar i partiet».

Alle dei fem måtte fråtre verva sine som fylkesleiarar for å «sikre ei ryddig og uforstyrret saksbehandling».

Bergens Tidende omtalte saka og kritikken mot Oddekalv først.

Gyda Oddekalv og resten av leiinga i Generasjonspartiet sende vedtak om utestenging på livstid til fem fylkesleiarar 2. januar.

Fylkesleiarane seier dei ikkje har fått vite konkret innhald i grunnlaget for disiplinærsakene mot dei.

I forbindelse med disiplinærsakene blei kvar og ein av dei fem fylkesleiarane kalla inn til individuelle samtalar.

Det takka fylkesleiarane nei til.

– Då hadde me godteke at det er ei disiplinærsak. Det er ikkje ei disiplinærsak, men ei bekymring og eit varsel, seier dei til NRK.

Ei dryg veke seinare blei dei fem ekskludert frå partiet på livstid.

– Me bad gjentekne gongar om dialog og møter om bekymringane våre. Dette bekrefta nettopp det me sende bekymringsmelding om, seier ein av dei.

Ifølge dei fem har fleire andre fylkesleiarar no vald å trekke seg i solidaritet og protest mot partileiinga.

– Skriftlege, grunngjevne vedtak

I ei pressemelding skriv partileiinga at Generasjonspartiet har løpande handtert sakene gjennom å tilby dialog og ordna prosessar for dei råka.

Partileiar Oddekalv vil presiserer følgande forhold:

– Disiplinærsakene blei oppretta før bekymringsmeldinga blei sendt. Forholda i bekymringsmelding har vore tatt opp og diskutert i måndagsmøte med fylkesleiarane og spesielt inviterte allereie i haust, skriv ho.

Der skal alle hatt mogelegheit til å seie si meining og fekk svar på spørsmåla sine, ifølge partileiaren.

– Av omsyn til eksklusjonssaka sitt alvor vil me også understreke at eksklusjonsvedtaka ligg føre som skriftlege, grunngjevne vedtak.

Gyda Oddekalv og Generasjonspartiet blei for alvor kjent under valkamp i fjor, blant anna då ho blei kasta ut av Dagsnytt 18.

NRK har lese og er kjent med innhaldet i vedtaka om eksklusjon.

Fleire av dei blir grunngjevne med at fylkesleiarane har delteke i møteverksemd retta mot Generasjonspartiet.

– Me blir straffa for å snakke saman om ei felles bekymring, seier ein av dei ekskluderte til NRK.

Oddekalv bekreftar at dei kalla inn til individuelle møter med kvar enkelt, men at desse blei avslått.

Vidare skriv ho at ein partidemokrati føreset at vedtekter og vedtekne retningslinjer blir respekterte, og at leiinga må reagere gjennom formelle prosessar dersom dei blir brotne.

– I staden blei bekymringsmeldinga brukt som pressmiddel mot leiinga, skriv Oddekalv.

– Fleire innad i partiet har snakka om ei auka bekymring

I bekymringsmeldinga beskreiv dei fem fylkesleiarane opp fleire enkelthendingar og ei oppleving av å bli ekskludert dersom ein kjem med kritiske spørsmål.

– Fleire innad i partiet har snakka saman om ei auka bekymring, så me fem fylkesleiarane valde å sende ei formell bekymringsmelding.

– Dette er ikkje illojalitet, men eit sunnheitsteikn, skriv dei i bekymringa.

I tillegg trekk dei fram at ikkje alle medlemmane fekk innkalling til det ekstraordinære årsmøtet som gjekk føre seg fredag 2. januar.

I tillegg skal påmeldinga til møtet ha blitt stengt og fleire slapp ikkje inn i det digitale møtet.

Innkalling virker vilkårlig utsendt, og mange har ikke fått den. Sakspapirer ligger ikke vedlagt og det blir derfor vanskelig å ta stilling til beslutninger som skal taes. Særlig når det handler om noe så viktig som budsjett.

Fem fylkesleiarar i Generasjonspartiet

Dette har også nokon andre i partiet reagert på og sende inn eit varsel til Partilovnemnda:

– Det ekstraordinære årsmøtet blei gjennomført i tråd med partiet sine vedtekter og er gyldig, kommenterer Oddekalv.

På det ekstraordinære årsmøtet skal det ha vore rundt 30 personar til stades, om lag ein prosent av partiet sine medlemmar.

På møtet blei budsjettet for 2026 vedteke, som mellom anna fastslår leiar Gyda Oddekalv og nestleiar Beate Løken si lønn på høvesvis 850.000 kr og 400.000 kr.

Løken og Oddekalv er mor og dotter.

🏷️ Extracted Entities (18)

Generasjonspartiet (entity) NRK. Oddekalv (organization) Norge 📁 (category) Politikk 📁 (category) Politikk og samfunn 📁 (category) Trondheim 📁 (category) Trøndelag 📁 (category) Finnmark (place) Gyda Oddekalv (person) Nina Mannsverk (person) Beate Løken (person) Bergens Tidende (person) Dagsnytt (entity) Kevin Laursen (person) NRK. Han (organization) NRK. Ho (organization) NRK. Tre (organization) Partilovnemnda (entity)

📊 Metadata

Category: Politikk, Politikk og samfunn, Trøndelag, Trondheim, Norge