Herold

Vald i sør og i nord

Kilde: Nordnorsk debatt Author: Lars Øvergaard, lektor i spansk, norsk og historie, Tromsø Published: 2026-01-07 10:22:09
Vald i sør og i nord

Etter helgas folkerettsstridige angrep på Venezuela uttalte Evo Morales, tidlegare president i Bolivia, at «Trump er vår tids Hitler».

Bruken av rå militærmakt,ambisjonen om å røve til seg land og naturressursar, hatet, kriminaliseringa av heile land og folkeslag, minner oss om dei mørkaste kapitalane av førre hundreår.

Trump har bomba sju land på eit år, og den stille aksepten frå våre statsleiarar i det globale nord er eit skremmande teikn på kva vi har i vente. Først når Europa direkte blir truga byrjar vi å vakne, og tek endeleg inn over oss vi au kan bli offer for den kyniske valden USA rettar mot alle som våger seie dei imot.

Aimé Césaire forklårte for 75 år sidan korleis ein aksept av den koloniale valden som rettast mot folk i det globale sør ryddar veg for at den same valden ein dag blir retta mot oss her i det globale nord. Han fortel korleis, «vi støtta opp under nazismen før vi leid under han, før vi blei offer for nazismen har vi vært han medskyldig, vi fritok han, vi lukka auga for han, vi legitimerte han, fordi den fascistiske valden først berre var retta mot menneske i det globale sør, og ikkje mot oss.»

Vi må være modige nok til å fordømme denne grufulle valden som freistar ete opp alt det vi har kjært. Dersom USA får lov til å rane til seg oljeressursane til Venezuela, berre fordi dei ein gong var eigd av nordamerikanske selskap, sett det ein farleg presedens for oss her i Noreg. Både det norske og det venezuelanske folk har hevda vår rett til å eige og utvikle våre eigne naturressursar, i samsvar med interessene våre, framfor interessene til dei store oljeoligarkane i USA. Dersom vi let denne retten bli nekta det venezuelanske folk, vil vi ikkje kunne stå stødige her heime.

Vår næraste allierte, leiaren for denne såkalla frie verda, USA, retter framleis sin vald først og fremst mot det globale sør. Men om vi held fram med å friteke, legitimere og bortforklåre dette grufulle, vil vi ikkje være spart for valden.

🏷️ Extracted Entities (8)

USA (entity) Venezuela (entity) Aimé Césaire (person) Bolivia (entity) Europa (entity) Evo Morales (person) Noreg (entity) USA. Dersom (organization)