«Minneleg avtale» = kapitulasjon overfor Bømoen AS?
«Bømoen AS forpliktar seg til å overdra til Voss kommune det areal som er naudsynt for framtidig drift av Voss Flyplass Bømoen, som omfatter flyplassen med sikringssone».(dok. 2012/02348-4/FD III 5/SAS)
Dette var kjøpsvilkåra for Bømoen AS i 2013. Kravet er vidare nedfelt i Tilleggsavtalen av 06.05.2013, vedtak i Heradstyret 30.05.2013, Reguleringsplan for Bømoen, 14.11.2024, og vedtak/varsel om oreigning av 27.03.2025. I praksis området nord for flystripa. BAS har såleis heile tida vore kjent med kva vilkår dei fekk kjøpe området på.
Forvaltningslova med tilhøyrande rettspraksis gjev kommunar eit solid rettsvern i reguleringssaker. Statsforvaltaren si krystallklare, juridiske utgreiing og avgjerd av 25.06.2025, i BAS sin klage på handsaminga av områdereguleringsplanen for Bømoen, viser at BAS ikkje har noko juridisk åtakspunkt mot Voss Herad. Trugsmåla om «rettssaker i årevis og store kostnader for Voss Herad» framstår difor som støy og tomme ord utan sakleg innhald.
«Forhandlingar» om ein «minneleg avtale».
I november fortalde ordførar at ho på eiga hand gjennom hausten hadde forhandla direkte med styreleiar i BAS, og dei hadde kome fram til ein «minneleg avtale». I byte for å trekkja (det tomme) søksmålsvarselet, skulle Bømoen AS få full vetorett/godkjenningsrett av alle aktivitetar, no og i framtida, ved Voss Flyplass Bømoen.
Området sett av til luftsport reduserast og får avgrensa bruk. Monopol på all drivstofflevering for beredskap og andre flyplassbrukarar. Sterkt auka område for næringsutvikling (utnytting av georessursar). Ingen oreigning. Innbyggjarane/skattebetalarane i Voss skal betale for bru med 10 tonns akseltrykk på Bjørke, og «alle sakskostnader BAS har hatt med å fjerna festarar». I praksis inneber «avtalen» annullering av alle innspel frå innbyggjarane i Voss til områdereguleringsplanen.
Endra juridisk status.
Frå og med den augneblinken denne avtalen skulle bli vedteken av Voss Heradstyre, går Bømoensaka frå å vera bortimot juridisk uangripeleg under Forvaltningslova med rettspraksis, til å liggja under Avtalelova med tilhøyrande forskrifter og rettspraksis. Voss Herad vil då vera politisk, juridisk og økonomisk ansvarleg for at alle punkt i avtalen vert gjennomført. Ved påståtte brot på eit eller fleire avtalepunkt, kan BAS saksøkje Voss Herad med krav som, ut frå det som har vore flagga hittil, fort kan havne på fleire titals millionar kroner. Her er noko av dei juridiske konsekvensane.
Kan Voss Herad risikere stort erstatningsansvar om BAS hevdar avtalebrot? JA!
Avtalelova § 36:«Utgangspunktet er at avtaler skal holdes etter sitt innhold, selv om den ene part mener avtalen er sterkt urimelig for ham (pacta sund servanda). Utgangspunktet er også her at en avtale skal holdes etter sitt innhold.
Ved påståtte brot på eit eller fleire avtalepunkt, kan BAS saksøkje Voss Herad med erstatningskrav. Det gjeld også om Heradstyret godkjenner avtalen, og det vert usemje om den er følgt opp.
Er Voss Herad erstatningspliktig dersom Heradstyret ikkje godkjenner avtalen? NEI!
«Ugyldighet eller avbrytelse av forhandlinger er ikke et selvstendig ansvarsgrunnlag etter norsk avtalerett».
Et grunnleggende prinsipp i norsk rett er at enhver bærer risikoen for egne forutsetninger, jf. Rt. 1981 s. 1047 (Tingholm s. 1058)
Seier Heradstyret nei til avtaleforslaget, er avtalesaka dermed avslutta.
Kan Voss Herad trekkja seg frå avtaleutkastet? Svaret er JA:
Avtalelova:«Normalt har en part når som helst adgang til å trekke seg fra avtaleforhandlinger, dersom det ikke er skapt en forventning som gjør det illojalt å trekke seg». (Rt. 1984 s. 624 (Tromsø Kjøl s. 628)
Voss Herad har tre val:
Dei kan trekkje seg frå avtalen direkte.
Seie nei til avtalen i Heradstyret.
Det er etter lova fullt mogeleg og kostnadsfritt.
Alternativet er å godkjenne avtalen, som deretter må signerast av ordførar. Den signaturen kan koste innbyggjarane og skattebetalarane dyrt. Berre kostnadene til ny Bjørke bru og andre utgifter kan fort havne mellom 20 og 30 millionar kroner. Utan at Voss Herad får noko som helst styring eller kontroll med flyplassen i framtida, slik kravet har vore sidan 2013.
Korleis vil støttespelarane for BAS i Voss Heradstyre forsvare dette ovanfor veljarane?
Bømoen AS: – Avtalen ligg framleis på bordet
Kommune-TV grusa rekorden: – Over 9000 sjåarar!
Møtemaraton enda med utsetjing. – Det vart absurd
Demokrati på speed og rulett med eige omdømme